Eventus Sol-li barnehage AS

Våre verdiar er; Profesjonalitet, raushet og lidenskap.

Barnehagen er organisert i 7 avdelingar med plass opptil 115 barn. Barnehagen ligg naturskjønt til på Prestaneset sentralt på Storebø,  i idylliske omgivelsar med sjøutsikt, strand, skog og ville dyr som hjort, ørn og villsau. Barnehagen er og næreste nabo til parken «Vikinghaugen». Her har barnehagen fått opp bålhus og vikingskip.

 

Som ein natur- og friluftsbarnehage ønskjer barnehagen å gje dei fleste og viktigaste erfaringane gjennom planmessig å bruka impulsar natur- og friluftsliv kan gje. Leiken skal stå sentralt og barna får tid til å vere i naturen og ta i bruk alle sansane i møtet med fenomener i naturen. Eventus Sol-li barnehage har eigen turbuss som fraktar dei eldste barna ut til flott natur i heile kommunen.

Barnehagen sin visjon er klar og syner til barnehagen sitt verdigrunnlag. Barnet si tid i barnehagen legg eit viktig grunnlag for korleis barnet sin livshistorie vil sjå ut. Barnehagen ønskjer å gje barnet anledning til å danne nære relasjonar, få gode opplevingar og kjenne mestring gjennom leik, læring og danning i eit heilskapleg bilete. På den måten legg barnehagen eit godt grunnlag for barnet si evne til å tru på seg sjølv og til å få utvikle eit godt sjølvbilete.

Eventus Sol-li barnehage ønskjer å gjera kvardagen enklast mogleg for småbarnsforeldre og tilbyr «all inklusive» med matpakkefri barnehage og bleieavtale med stelleutstyr. Barnehagen har eigen kokk som tek barna med i matlaginga.

Her kan du lesa meir om Eventus barnehagane. 

 

Barnehageplassen kostar
Plasstorleik Kostnad per månad frå 01.01.2023 Kostnad per månad frå 01.08.2024
100 % 3 000 kr 1 500 kr

Kontaktinfo

Kjetil Hopen
Styreleiar
E-post
Mobil 92 82 03 40
Marlen Waage Drivenes
Dagleg leiar
E-post
Telefon 55 08 53 50
Mobil 92 88 54 85

 

 

 

Opningstider

Barnehagen har ope heile året frå kl 06.45-16.30. I ferietida kan opningstida reduserast ut frå tal barn som ikkje har ferie og personale som avviklar ferie.

Adresse

Besøksadresse:

Mehaugen 24,
5392 Storebø


Postadresse: 

Mehaugen 24,
5392 Storebø