Du skal betala

Barnehageprisane er regulerte av forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Kommunen har ulike moderasjonsordningar ut frå foreldra si inntekt og tal søsken som har barnehageplass.

Frå 1 august 2024 er maksimalpris 1500 kroner per månad for heil plass. Dette utgjer 16 500 kroner per år.

Juli er betalingsfri månad.

Reduksjonen for det andre barnet er 30 prosent. For det tredje barnet og eventuelt fleire barn er det gratis barnehageplass.

Kostpengar  og eventuelle bleiepengar kjem i tillegg.

Barnehageplassen kostar
Plasstorleik Kostnad per månad frå 01.08.2024
100 % 1 500 kr

Opningstider og storleik på plass kan variere mellom dei ulike barnehagane.
Viser til vedtekter for dei private barnehagane i Austevoll kommune for informasjon om blant anna opningstider, betaling og oppseiing av plass.
 

Alle som er folkeregistrerte i Austevollkan søke om redusert foreldrebetaling. Dersom du ikkje har skattemelding, må du dokumentere bruttoinntekt på annan måte. 
Dersom inntekta har endra seg vesentleg sidan siste skattemelding eller du ikkje har skattemelding, må du dokumentera forventa skattbar inntekt framover i tid. 

Sjå punktet Krav til dokumentasjon over.