Søk barnehageplass
Bruk t.d. Google Chrome eller Edge som nettlesar når du søker.
Du kan søke om barnehageplass heile året når barnet ditt har fått fødselsnummer ved å bruke elektronisk søknadskjema.
NB! Ikkje søk før barnet er folkeregistrert med namn.
Søkarlistene blir sortert etter prioritet og barnet sin fødselsdato. Kva dato du leverer søknaden påverkar ikkje opptaket.
Hjelpesider for føresette - foreldreportalen i Vigilo
Rutinar for opptak i barnehage (PDF, 895 kB)
I Austevoll er det berre private barnehagar. Dersom du har spørsmål om ledige plassar og søkarlister kontaktar du den enkelte barnehage. Sjå oversikt over barnehagane i Austevoll.
Enkelte barn har rett til prioritet.
Dersom du søker om prioritet må du laste opp eller ettersende inn dokumentasjon så raskt som mogleg. I barnehagane sine vedtekter finn du meir informasjon om kva barn som kan få prioritet ved opptak. Vedtektene finn du på den enkelte barnehagen si nettside.
Hovudopptaket har søknadsfrist 1.mars, men du kan senda inn søknad heile året. For å kunne følge med søknaden din må du ha oppgitt e-postadresse i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Når du sender inn søknad får du påloggingsinfo tilbake i ein e-post.
Viss det ikkje er ledig plass i nokon av barnehagane du har søkt, får du tilbod om plass i ein annan barnehage i kommunen. Retten til barnehageplass er innfridd når du mottek tilbod om plass i éin barnehage i bustadskommunen. Ved hovudopptaket mottek alle barn med rett til plass berre eitt tilbod.
Vi gjer merksam på at barnehagen kan vera full, sjølv om det ser ut til å vera ledig kapasitet i søknadsportalen.
Årsaker til dette kan vere:
- det er mange barn under 3 år i barnehagen
- tal tilsette og/eller tal pedagogar
- tal toalett/stelleplassar
- inne-/uteareal
Ved spørsmål om dette, ta kontakt med den enkelte barnehage.
Nytt barnehageår startar 1. august. Barn som fyller eitt år frå august til og med november, har rett på plass innan utgangen av måneden barnet er fødd dersom du søker innan 1. mars.
Rett til barnehageplass er innfridd når du mottek tilbod om plass i éin barnehage i Austevoll kommune. Du kan ønske oppstart før barnet er eitt år, men har ikkje rett på plass før den månaden barnet fyller eitt år.
For å ha rett til plass ved hovudopptak med søknadsfrist 1. mars 2022 må følgande vere innfridd:
- Barnet må ha fylt eitt år innan utgangen av november
- Du må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars
- Du må ønske plass seinast 30. november
- Barnet har ikkje allereie ein barnehageplass per 1. mars
- Barn som fyller eitt år innan 31. august har rett til å få plass i barnehage i løpet av august måned.
- Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har rett til å få plass innan den månaden dei fyller eitt år.
- Barn som fyller eitt år frå desember , har rett til plass frå august 2022.
Barn fødd i desember 2021 til og med juli 2022 har ikkje lovfesta rett til barnehageplass barnehageåret 2022-2023, men kan få tilbod dersom det er ledig plass i den aktuelle barnehagen og barnehagen ønsker å ta inn fleire barn.
Hugs at du må registrere at du tar i mot plass i foreldreportalen innan 10 dagar for ikkje å mista barnehageplassen du blir tildelt.
Kor lenge barnet har venta på plass har ingenting å seie for kva plass søknaden din har på søkarlista. Austevoll kommune har berre private barnehagar. Kvar enkelt private barnehage har eigne vedtekter som bestemmer kva barn som får tilbod om plassførst.
Du finn vedtektene til dei private barnehagane på barnehagene sine eigne nettsider eller ved å ta kontakt direkte til barnehagane
Ved spørsmål om plass, kontakt barnehagen direkte.
Overflytting
Du er med i overflyttingsopptaket dersom du har barnehageplass, og søker om plass i ein annan barnehage.
Søknadsfrist er 1. februar og opptaket skjer innan utgangen av februar. Oppstart i ny barnehage er til vanleg frå august, men kan vere tidlegare dersom barnehagen har ledig kapasitet. Ta eventuelt kontakt med den enkelte barnehage.
Søknaden din blir behandla i den barnehagen du har som alternativ éin.
Hugs at at barnehagen du flyttar frå har eigne reglar for oppseiing i vedtektene sine.
Endra plasstorleik
Legg eventuelt ønske om å endra plasstorleik inn i foreldreportalen. Dersom du ønsker endring seinast 1. august ved oppstart av nytt barnehageår, må du søke så raskt som mogleg og seinast 1. februar.
Du kan også søke om å endre plasstorleik undervegs i året og barnehagen endrar tilbodet om den kan jamfør lov og vedtekter.
Opptak skjer gjennom heile året. Ledige plassar blir fordelt til dei som har søknad inne. Søknader for barn som ikkje fyller kriteria for lovfesta rett til barnehageplass, blir behandla i suppleringsopptaket.