Kulturskulen

Kulturskulen er eit kommunalt tilbod til barn og unge i Austevoll som ønsker opplæring innan musikk, dans, bildekunst eller teater.

Skuleåret 2024-2025 har skulen 240 elevplassar innan mange ulike disiplinar innan musikk, teater, teikning/maling og dans. 

Vi har og tilbod til helsetenesta (musikkterapi) og Austevoll pleie- og omsorgsssenter (song- og musikkstund.)

Kulturskulen har 9 tilsette lærarar.

Alle som er elevar i grunnskulen kan søke plass.

Søknadsfristen er 1. april, men ein kan søkje heile året, då det kan vere ledige plassar. 

 

 

SpeedAdmin

Kva er SpeedAdmin?

  • Nettstad for informasjon og kontakt med kulturskulen.
  • No og som app for mobil og nettbrett!
  • No og med læringsplattform for deling av lærestoff, lekser med meir.

www.speedadmin.dk

Logg inn på SPEEDADMIN for å finne informasjon om timeplan, feriar og fridagar, kontaktinfo til lærar eller leiing i kulturskulen, søkje på undervisningstilbod og anna.

Her finn du og "Læringsplattform" som er ein nettstad der læraren legg ut lærestoff og instruksjonar, og der lærar og elev kan kommunisere via chat og video-chat.

Les meir om korleis du brukar SpeedAdmin her:

Instruksjon for elev og føresette SpeedAdmin (PDF, 632 kB)

"Læringsplattform" i Speedadmin (PDF, 413 kB)

Melding om fråvere i Speedadmin-appen (PDF, 310 kB)

Kontaktinfo

Audun Alvsåker
Rektor
E-post
Telefon 55 08 12 20