Elevar og føresette brukar nettstaden SPEEDADMIN som kontaktflate mot kulturskulen.
Som foreldre kan ein og logge på med ID-porten, så sant ein har oppgitt personnummer ved påmelding.
På SPEEDADMIN kan ein finna informasjon om timeplan, feriar og fridagar, ta kontakt med lærar eller rektor i kulturskulen, søka på undervisningstilbod og anna.
Både elevar og foreldre kan logge seg inn med brukarnamn og passord.
Brukarnamn skal alle ha fått ved påmelding. Dersom dette er ukjent, kan ein ta kontakt med kulturskulen på audun.alvsaker@austevoll.kommune.no og få brukarnamn og eventuelt passord.
Dersom ein berre manglar passord, kan ein klikke på "Glemt passord" og få informasjon om oppretting av nytt passord til den e-postadressa som er nytta ved påmelding til kulturskulen, eller rett og slett ta kontakt med kulturskulen.
På mobil og nettbrett kan du bruke Speedadmin-appen, som du kan laste ned frå App Store eller Google Play.
Les meir om korleis du brukar SpeedAdmin her:
Instruksjon for elev og føresette SpeedAdmin (PDF, 632 kB)
Læringsplattform i SpeedAdmin (PDF, 413 kB)
Kansellering av timar i Speedadmin-appen (PDF, 302 kB)