Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)Lytt til tekstenStopp avspillingPedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er kommunen sin rådgjevande og sakkunnige instans for barn og ungdom som har utfordringar i oppvekst- eller opplæringssituasjonen. PPT vurderer behovet for: spesialpedagogisk hjelp for barn i førskulealder spesialundervisning for elevar i grunnskulen vaksenopplæring på grunnskulen sitt område skular og barnehagar kan søkja om hjelp til å utvikla gode og inkluderande læringsmiljø PPT har jamnlege møtetider med kvar skule og barnehage. Korleis får du kontakt? Barn og elevar vert vanlegvis tilvist frå barnehage eller skule i samråd med føresette. Om du som føresett har eit barn du meiner ikkje har tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa i skulen, eller har omfattande utfordringar i barnehagen, bør du først ta ein samtale med barnehagen eller skulen for å få deira vurdering. Elevar over 15 år, føresette og vaksne kan òg sjølv ta kontakt med PPT for informasjon og vurdering av behov for hjelp frå PPT. Barnehagar og skular kan ikkje tilvisa til PP-tenesta utan samtykkje frå føresette. Les meir om PPT, spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning Kven kan få tilbodet? Barnehagar, skular og føresette kan søka om hjelp frå PPT. Årsaker til tilvisning til PPT kan vera mange og samansette: Mistanke om forseinka utvikling Språk- og kommunikasjonsvanskar Lærevanskar Fagvanskar Konsentrasjons- og merksemdsvanskar Åtferdsvanskar Sosiale og emosjonelle vanskar Funksjonshemming Syn- og høyrselsvanskar Vidaregåande skular har eiga opplæringsteneste. Konsultasjon og rettleiing PPT skal vera tett på barnehagar og skular, og det skal vera låg terskel for både konsultasjon og rettleiing. Konsultasjon kan vera anonym, men skal helst vera avklart med føresette. Ved behov for konsultasjon eller rettleiing der vi observerer eller på anna måte møter barnet eller eleven direkte, må vi ha ei tilvising. Tilvisinga bør drøftast med aktuell fagperson på førehand. Sakkunnig arbeid PPT startar utgreiing etter at saka er vurdert og tatt inn. PPT bygger på informasjon frå føresette, barnehage eller skule. Testing og observasjon vert òg ein del av vurderinga. PPT får då eit bilete av den einskilde sine styrkar, utfordringar, vanskar og behov for tilrettelegging. Konklusjonen kan anten vera at barnet eller eleven sitt behov kan dekkjast innanfor det ordinære tilbodet, eller PPT kan tilrå spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervisning i skulen. Vi kan òg vurdera vidare tilvising til ulike instansar. Utviklingsarbeid i skule og barnehage PPT skal hjelpa barnehagar og skular med utviklingsarbeid. Dette skjer mellom anna gjennom kontaktmøte, kurs og foredrag, konsultasjon eller direkte rådgjeving. PPT kan hjelpa i situasjonar med utfordrande klassemiljø eller utfordringar på ei avdeling i ein barnehage. Styrar i barnehage og rektor på skulen kan tilvisa ved behov for hjelp til utviklingsarbeid. Tilvising for hjelp til utviklingsarbeid i barnehage eller skule (.docx))LENKE) Skjema for tilvising til PPT Barnehage Momentliste pedagogisk rapport (PDF, 65 kB) Pedagogisk rapport (DOCX, 50 kB) Kartleggingsskjema / tiltaksskjema (DOCX, 54 kB) Mal for referat fra konsultasjon (DOCX, 48 kB) Informasjon om spesialpedagogisk hjelp «Special education assistance» Kven samarbeidar PPT med? Etter samtykke frå familien kan PPT samarbeide med: Barnehage Skule Helsestasjon Fastlege Psykisk helse Psykolog Fysioterapeut Barnevern Helseservicekontoret Andre instansar ved behov Nyttige lenkjer Utdanningsdirektoratet om spesialundervising Spesialundervising på fleire språk- skule Spesialundervising på fleire språk- barnehage Opplæringslova Saksgang ved bekymring (barnehage) Saksgang ved bekymring (skule) Lovgrunnlag PPT sine oppgåver og mandat er heimla i Opplæringslova kapittel 5 Barnehagelova kapitte 7 Publisert 08.06.2018 13.34 Sist endra 17.03.2023 11.51