Bytte skule

Elevar får tildelt skuleplass i skulekretsen der dei har folkeregistrert adresse det året dei fyller fem år. Ønsker du at barnet skal gå på ein annan skule, kan du søke om det.

Slik søker du

Du kan søke om å bytte til ein annan skule enn den du i utgangspunktet tilhøyrer. Om søknaden vert innvilga, vil du som føresett måtte dekka skuleskyssen sjølv.  Nytt søknadsskjema kjem. Fram til det er klart, kan du skrive og sende inn søknad ved å gå inn på eDialog - sikker sending av dokument inn til kommunen - Austevoll kommune.

Søknadane vert behandla av skuleadministrasjonen på kommunenivå. 

Søknadsfrist og svar

Ønsker du å bytte skule ved oppstart i 1. trinn eller overgang til ungdomsskulen er fristen for å søke 1. desember året før. Du vil få svar på søknaden innan utgangen av desember.

Ønsker du å bytta skule midt i grunnskuletida, er det ingen søknadsfrist.


 Slik vert søknaden vurdert

Utgangspunktet er at elevar går på skulen som ligg i skulekretsen dei bur i. Om du søker om å bytte skule, tek vi hensyn til desse punkta:

  • Er det plass på skulen eleven ønsker å bytte til? Dei som bur i kretsen har førsteprioritet på plassen.
  • Har eleven søsken som allereie går på skulen det vert søkt til?
  • Avstand til skulen.
  • Elevstemma - kva seier eleven sjølv?


Regelverket

Opplæringslova § 2-6 Kva grunnskole eleven skal gå på: 

Elevane har rett til å gå på ein skole i nærmiljøet. Kommunen kan gi forskrift om skolekrinsar. Ved tildeling av skoleplass og fastsetjing av forskrift om skolekrinsar skal kommunen særleg leggje vekt på kva skole som ligg nærast heimen. Kommunen kan også ta omsyn til topografi, trafikktilhøve og kapasiteten på skolane, og at barn i same nabolag skal få gå på same skole. Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på.