Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Foresattportalen til Visma Flyt Skole (VFS)
Skulane i Austevoll brukar Visma Flyt Skole som skuleadministrativt system. Elevar, klassar, lærarar og føresette er registrert i dette systemet, og fråvær, merknader og karakterar blir lagt inn her. I Visma Flyt Skole behandlar vi også mellom anna permisjonssøknader for elevar og SFO-søknader.
Publisert 06.01.2023 13.25
Sist endra 22.06.2023 10.59
Innlogging foresattportalen til Visma Flyt Skole
Brukarrettleiing VSF foresattportal (PDF, 2 MB)
Forsattportalen Visma Flyt Skole (VFS)
Som føresett kan du logge på foresattportalen med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).
I webversjonen kan du mellom anna:
- Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er riktig
- Gje samtykke
- Følge med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar som er ført på eleven. Fråvær og merknader kan du også sjå i føresette-appen.
- Søke, seie opp eller endre SFO-plass
- Søke om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i SFO
- Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
- Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har
Føresette-app - Min Skole
Austevoll kommune brukar Visma Flyt Skole sin føresette-app Min Skole som kommunikasjonskanal mellom heim og skule.
Alle meldingar som vert sendt mellom skulen og føresette via føresette-appen Min Skole, vert loggført på eleven si meldingsfane i Visma Flyt Skole.
NB - Ikkje send sensitiv informasjon (som detaljar om sjukdom eller mistrivsel) i føresette-appen, og heller ikkje på sms eller e-post til skulen.
Les meir om korleis du lastar ned føresette-appen, og korleis du brukar den (PDF, 3 MB).
Dersom du har problem med tilgang som føresett, tar du kontakt med skulen.
I føresett-appen Min Skole registrerer du fråvær på barnet ditt. Dette bør du gjera så tidleg som mogleg den aktuelle dagen.
Før du kan gje samtykke, må du først registrera generelt samtykke.
Det gjer du ved å klikke på "Generelt samtykke" på forsida av foreldresida til Visma Flyt Skole, i webversjonen.
Deretter kan du gå inn på det enkelte barnet og redigere samtykke (klikk på lenka "Rediger" til høgre for kvart samtykke).
Du kan ikkje gje samtykke i føresett-appen.