Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod til barn i 1. - 4. trinn før og etter skuletid. I Austevoll kommune har Storebø skule og Selbjørn skule SFO-ordning.

SFO er eit tilbod før og etter skuletid for elevar på 1.-4. trinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. trinn. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna, legga til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar.

Opphald i haust-og vinterferie, siste veka i juni og vekene i august før skulestart, må føresette søka om. Frå skuleåret 2023-24 er SFO open kvardagar i påske- og juleferien  dersom det er mange nok barn som ønsker det. Sjå vedtekter for meir informasjon.

 

Opningstider

Opningstida er frå 7.00 - 16.15.

I feriar er opningstida 8.00 -15.30.