Kvalitetsplan for SFO

2 Innhaldet i SFO

Det er nødvendig å sikra ei god tilrettelegging av aktivitetar. Det må vera ei tydeleg leiing som har klare forventningar til dei tilsette og som stiller krav – samstundes som dei kan motivera og inspirera medarbeidarar til å utfalda seg. Vidare må det vera ei god ansvarsfordeling mellom dei som jobbar i SFO. Ein treng struktur og rutiner, og tid til planlegging og samarbeid. Det trengs også tid til rettleiing for å få eit kvalitativt godt SFO-tilbod.

For å setja felles mål for verksemda, er det valt målområde som skal koma tydeleg fram ved dei ulike SFO-ordningane.

2.1 Målområde i kvalitetsplanen

  • Leik og sosial læring, læringsstøttande aktivitetar
  • Fysisk aktivitet og friluftsliv
  • Kulturelle aktivitetar: kunst, kultur og kreativitet
  • Mat og helse

SFO-ordningane er forplikta til å arbeida etter målsettingane, og skal leggja til rette for læringsstøttande aktivitetar gjennom dei lokale planane sine. Læringsstøttande aktivitetar er leik og aktivitetar som fremjar meistring, undring og inkludering. Barn i SFO skal utvikla ei god sjølvkjensle, læringsglede, tru på seg sjølv og erfara medverknad - i eit godt samarbeid med heimen.

2.1.1 Leik og sosial læring, læringsstøttande aktivitetar

Barn i SFO skal stimulerast til sosial samhandling gjennom ulike aktivitetar og leikeformer. SFO er ein viktig læringsarena for å utvikla ei positiv samhandling med jamnaldrande og vaksne. Leiken gjer det mogeleg å læra seg å samhandla og kommunisera med andre. Barn skal aktiviserast både i fri leik og organisert leik. I leikeaktivitetar skal dei vaksne delta aktivt, og observera og vurdera barna i leik – og gripa inn, gi støtte og hjelp når situasjonen tilseier det.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette tek ansvar for å rettleia og hjelpa det einskilde barn i å utvikla sosial kompetanse
  • Dei tilsette rettleier og hjelper barna til å samhandla med andre på ein positiv måte
  • Dei tilsette har nødvendig kompetanse til å organisera gamle og nye leikar/leikeformer
  • Dei tilsette legg til rette for variert fri leik og organisert leik – både ute og inne
  • Dei tilsette motiverer, inspirerer og rettleiar barn slik at dei deltek i leiken – også barn med spesielle behov
  • Dei tilsette legg til rette for at barna får vera med å avgjera kva som skal skje i SFO
  • Føresette opplever at barnet trivst i SFO


 

2.1.2 Fysisk aktivitet og friluftsliv

Fysiske aktivitetar er positive for å utvikla seg både fysisk og psykisk, og kan bidra til auka konsentrasjon. SFO-tilbodet skal leggja til rette for allsidige fysiske aktivitetar  - frå leik og sport til friluftsliv, snekring og bygging. Fysisk leik bør utgjera ein stor del av SFO-tida til barna.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette legg til rette for daglege aktivitetar i all slags ver
  • Dei tilsette utnyttar nærmiljøet
  • Dei tilsette motiverer og inspirerer barna til å delta aktivt
  • Dei tilsette legg til rette for at barna kan bestemma aktivitetar
  • Dei tilsette samarbeider med lag og organisasjonar
  • Føresette opplever at SFO tilbyr varierte aktivitetar der barna dagleg får utfalda seg

https://aktivitetskassen.no/

2.1.3 Kulturelle aktivitetar: kunst, kultur og kreativitet

Kulturelle aktivitetar er positive for å utvikla dei sosiale og kreative dugleikane. SFO bør leggja til rette for eit breiddt spekter av kulturelle aktivitetar som td song og musikk, teikning, maling og kunsthandverk, og dans og teater. Der det er mogeleg bør SFO samarbeida med andre td folkebiblioteket og Kulturskulen.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette legg til rette for kunst- og kulturaktivitetar
  • Dei tilsette organiserer barna slik at dei får uttrykkja seg estetisk
  • Dei tilsette sørger for at barn dagleg har tilgong til bøker, bilete og rikeleg og variert materiale og verktøy for skapande aktivitetar
  • Dei tilsette skapar rom for både vaksenstyrte og barnestyrte aktivitetar for å utøva estetiske inntrykks- og uttrykksformer
  • Dei tilsette legg til rette for at barn får utforska og delta i kulturaktivitetar i nærmiljøet
  • Dei føresette opplever at barna får erfara og arbeida med ulike uttrykksformer

2.1.4 Mat og helse

«Måltider i SFO kan være et bidrag til utvikling av et sunt kosthold og en god helse. SFO bør tilby sunn mat og redusere tilgang til usunn mat i SFO-tiden. Måltidet i SFO-tiden bør legges opp slik at det kan brukes som en arena for etablering av gode sosiale samspill og læring om helse og kosthold.» Udir 2015.

Teikn på god praksis:

  • Dei tilsette legg til rette for at måltider vert ein læringsarena for sosiale og språklege dugleikar
  • Dei tilsette tilbyr sunne, næringsrike og varierte måltid
  • Dei tilsette let barna delta i planlegging, førebuing og gjennomføring av måltid
  • Dei tilsette lærer barn om kosthald og hygiene
  • Dei tilsette innarbeider gode rutinar for hygiene
  • Føresette opplever at barna får sunne og varierte måltider