Trygt skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Austevollskulen skal vera fri for alle former for krenkande åtferd, og skulemiljøet skal verka positivt på elevane si helse, trivsel og læring. I tillegg skal austevollskulen læra barn og unge til å meistra livet og bli ein deltakar i samfunns- og arbeidsliv.

Elevane i Austevoll skal

  • oppleva læringsmiljøet som trygt og aksepterande for ulikskapar
  • vera trygge for at vaksne vil dei vel, ser dei og følgjer med
  • oppleva tilhøyre og vennskap

Alle elevar i austevollskulen skal møta kompetente vaksne på skulen. Alle elevar og føresette skal oppleva å bli teken på alvor når dei vender seg til skulen med ei bekymring om skulemiljø.

 

Overordna plan for det førebyggande arbeidet mot mobbing (PDF, 467 kB)