Informasjon om skuleskyss i samband med utbetring av Bjellandsvegen
Utbetring av Bjellandsvegen fører med seg nokre endringar i skulerutene. Her er informasjon frå Skyss om kva som blir endra.
Publisert 11.10.2022 10.15
Sist endra 09.08.2023 10.19
Det føregår planlagt vegarbeid i strekning Bjelland-Haukanes og vegen blir stengt mellom kl. 09-14 og 16-19 måndag til torsdag ut skuleåret. Dette har dessverre konsekvensar for nokre bussturar:
Storebø skule
Ved slutt kl. 11.25 måndag og torsdag køyrer buss 530 rundt via Eido og Vik - Vinnes og vidare til Austevoll vidaregåande skule. OBS! Eido-elevar følger då same buss som dei andre elevane (kl. 11.55).
Ved slutt kl. 13.35 måndag-torsdag køyrer buss 530 på same tid (kl. 13.42), men brukar omlag 10-15 minutt ekstra på turen grunna venting til vegen opnar kl. 14.00. Elevane kjem då heim seinare enn vanleg.
Austevoll ungdomsskule
Inga endring. Bussen køyrer som vanleg.
Selbjørn skule
Ved slutt kl. 13.15 er det inga endring. Ved slutt kl. 14.15 måndag til torsdag er buss 530 retning Veivåg-Stolmen som vanlegvis køyrer kl. 14.20 ca. 10-15 minutt forseinka. Avgong blir då ca. kl. 14.35.
Kolbeinsvik Montessoriskule
Inga endring.
Fredager går bussane som vanleg.