Ungdomslos

Ungdomslosen sitt overordna mål er at barn og unge opplever auka meistring, trivsel og tilknytning til skulen.

Ungdomslosen sitt mandat er å rettleie, rådgje og koordinere på individnivå og systemnivå. Dette betyr:

  • Ungdomslosen støttar, motiverer og hjelper  barn og unge i kontakten med familie, skule og øvrig hjelpeapparat.
  • Ungdomslosen rettleiar og gjev råd til skulen slik at forståinga og hjelpa til barn og unge kan verte mest mogleg heilskapleg og tilrettelagt.
  • Ungdomslosen jobbar systematisk slik at så mange elevar som mogleg vert ivaretatt frå skulestart til skuleslutt.

Kven kan få hjelp av ungdomslosen?

Ungdomslosen jobbar med barn og unge som har utfordringar med skuletilknytning. Dette kan vere barn/unge som i utgangspunktet kan gjennomføre eit ordinært skuleløp, men av ulike grunner har høgt skulefråvær eller har vanskar med å vere til stades på skulen.

Tilbodet er retta mot barn/unge i alderen 11-18 år.

Målet for ungdomslosordninga

Ordninga skal legge til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av barn og unge som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrke skuletilknytning, trivsel og meistring.

Kvifor ungdomslos?

Fullført opplæring i skulen legg eit godt grunnlag for vidare sosiale og utdanningsmessige forhold. Å falle ut av denne opplæringa kan få store negative konsekvensar, både for den det gjeld og for samfunnet. Gjennom losfunksjonen skal barn/unge som treng hjelp få ein person å forhalda seg til, som sørger for tett oppfølging og som bidrar til at barn/unge klarar å nyttiggjere seg tilbod som vert gjeve i skulen eller av andre tenester.

Kva kan ungdomslosen hjelpe med?

  • tett og tilrettelagt oppfølging for barn/unge i form av motivasjonsarbeid og rettleiing i og utanfor skulen, og i overgangane mellom barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule
  • vera tilgjengeleg for barn/unge på deira arena (skule, heim, fritid)
  • samarbeide tett med barn/unge sine føresette eller andre omsorgspersonar gjennom rettleiing, og å støtte opp om skulegangen
  • motivere og hjelpe barn/unge til å kome i kontakt med aktuelle hjelpetenester
  • samarbeide tett med skulen, andre verksemder og tenester, og bidra til at hjelpa som vert gjeve er heilskapleg og tilrettelagt

Korleis få hjelp?

Føresette, skulen og samarbeidspartnarar kan ta kontakt med ungdomslosen på telefon, sms eller e-post. Dersom det skal tilvisast sak til PPT skal bestillingsskjema fyllast ut.

Kva koster det?

Tenesta er gratis.
Ungdomslos starta opp som ei treårig prosjektstilling med tilskot frå Bufdir som varer fram til sommaren. Prosjektet vert vidareført som fast stilling i kommunen frå juni 2024. 

Oppdrag til ungdomslos skal meldast på bestillingsskjema

Ungdomslosen er organisert under PPT og kan òg medverke i saker som er melde til PPT etter bestilling og drøfting i fagmøte. 

Lenke til bestillingsskjema kjem. Fram til dess, ta kontakt med PP-tenesta eller ungdomslosane.
Fagleiar i PP-tenesta og ungdomslos vurderer bestillingane.

Kontaktinfo

Håkon Kalvenes
Ungdomslos
E-post
Mobil 48 48 09 05
Rut Stenevik Sande
Ungdomlos
E-post
Mobil 45 34 31 99

Adresse

Besøksadresse:

PPT
Birkelandsvegen 6,
5392 Storebø


Postadresse:

Austevoll kommune,
PPT,
Birkelandsvegen 2,
5392 Storebø