Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Austevollpakken

I samarbeid med Vestland fylkeskommune pågår planlegging av vegutbetringar i Austevoll.

 

Sjølv om planlegginga av Austevollpakken har kome langt, så er det enno ikkje gjort vedtak i fylkestinget og kommunestyret om å sette i gang utbygging. I ei slik sak vil ein også ta stilling til finansiering og prioritering av utbetringsprosjekta.

Tidslinje

15.12.2016

Austevoll kommunestyre vedtar at det skal utarbeidast ei samferdselsutgreiing. Utgreiinga skal vurdere behov for tiltak, prioriteringar, finansieringsalternativ og tilråding om vidare arbeid for å utbetre vegnettet i Austevoll. Les saka her.

I budsjettet som blei vedtatt i det same møtet blei det sett av 150.000 kroner til å utgreiingsarbeidet i 2017.

14.06.2017

Hordaland fylkesting vedtar regional transportplan 2018-2029 (RTP) som opnar for bompengepakke i Austevoll for tiltak på fylkesvegnettet.

14.12.2017

Austevoll kommunestyre løyver kr 500.000 til planleggingsarbeid for Austevollpakken i 2018.

12.12.2018

Hordaland fylkesting vedtar investeringsprogrammet for fylkesvegnettet som omtalar Austevollspakken.

17.12.2019

Statens vegvesen leverer oppdatert kostnadsoverslag for vegstrekningar i Austevoll kommune. 

20.02.2020

Austevoll kommunestyre behandlar førebels samferdselsutgreiing og vedtar at det ikkje er aktuelt å finansiere vegutbetringar med å auke prisen på ferja med bompengar. Kommunestyret vedtar også at kommunen skal overta oppgåva med å utarbeide reguleringsplan for fv 546 Storebøvegen for fylkeskommunen.

29.09.2020

Vestland fylkesutval vedtar å søke om 10 millionar kroner frå Samferdselsdepartementet for å utbetre fv 546 Bjellandsvegen. Ordninga det blir søkt om midlar frå føreset 15 millionar kroner i fylkeskommunale medfinansiering.

11.11.2020

Austevoll kommune vedtar oppstart av reguleringsplan for fv 546 Storebøvegen.

25.11.2020

Vestland hovudutval for samferdsel og mobilitet løyver 300.000 kroner til planleggingsmidlar til Austevollpakken.

08.12.2020

Samferdselsdepartementet innvilgar søknaden om utbetring av fv 546.

17.12.2020

Austevoll kommunestyre løyver 1 million kroner til utarbeiding av reguleringsplanar for fv 546 og 5138 mellom Solesvik og Fagerbakkevågen, og fv 5142 Mjåsund bru i Torangsvåg med tilkomstvegar.

12.01.2021

Fylkesdirektøren orienterer hovudutval for samferdsel og mobilitet om Austevollpakken.

25.02.2021

Austevoll kommunestyre behandlar sak om Austevollspakken og avtale med Vestland fylkeskommune

16.06.2021

Vestland fylkesting behandlar sak om Austevollpakken og vedtar at fylkeskommunen er positiv til eit spleiselag med Austevoll kommune og at finansiering skal vurderast i samband med budsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025.

24.08.2021

Reguleringsplan for utbetring av fv 546 Storebøvegen blir vedtatt lagt på høyring.

08.12.2021

Gruppeleiarane i kommunestyret og ordførar gjennomfører drøftingsmøte om Austevollpakken i forkant av forhandlingsmøte med Vestland fylkeskommune.