Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet for Austevoll kommune. Den peikar ut retninga for kommunen som samfunnsplanleggar, utviklar og tenesteprodusent. Kommuneplanen er todelt. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel.
Publisert 19.06.2018 10.26
Sist endra 19.06.2018 10.26
Samfunnsdelen
Ein samfunnsdel fortel korleis kommunen skal løyse sine viktigaste oppgåver, moglegheitar og utfordringa i eit langsiktig perspektiv. Desse strategiske vala legger føringar for utvikling i kommunen i åra fremover. Målet er å opprettholde og vidareutvikle velferdssamfunnet i Austevoll.
Her finn du gjeldande samfunnsdel.
Arealdelen
Arealdelen legger føringar for bruken av areala i heile kommunen. Kommunen sin arealplan består av tre deler:
- Plankart
- Planskildring
- Føresegn
Arealplanen skal ta omsyn til mange interesser, behov og utvikling. Samstundes skal arealdelen rette seg etter regionale og nasjonale lover, forskrifter og retningsliner.
Der det er naudsynt og relevant skal arealdelen følgje opp satsingar i samfunnsdelen.
Her finn du gjeldande arealdel.