Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Flaggreglement for Austevoll kommune

Vedtatt i kommunestyremøte 24.02.2022, sak 007/22.

§ 1 Nasjonalflagg
Nasjonalflagget er Noreg sitt symbol og skal behandlast med respekt.

Eit flagg skal ikkje røre ved bakken, klippast i eller tilsmussast på nokon anna måte.

Når eit flagg vert bytta ut, til dømes når det er falma, skal flagget makulerast på eigna måte før restane av flagget vert kassert.

§ 2 Tidspunkt for flagging
Flagg kan heisast kl. 08:00 i månadene mars til og med oktober, kl. 09:00 i månadene november til og med februar. Flagget skal firast ned ved solnedgang, men ikkje seinare enn kl. 21:00.

Å flagge på halv stong vil seie at flagget fyrst skal heisast heilt opp, haldast der ein augneblikk, og så firast på «halv stong» – som er ein tredjedel ned frå toppen av flaggstonga.

Ved gravferd skal det flaggast på halv stong inntil seremonien er avslutta. Når kista er komen i jorda og seremonien er avslutta, skal flagget heisast til topps og firast ned til vanleg tid.

Det er ikkje tillate å heise to flagg, eller ein kombinasjon av flagg og banner/vimpel, på same flaggstong.

§ 3 Flagging ved offisielle flaggdagar
Austevoll kommune flaggar ved alle offisielle flaggdagar på kommunen sine flaggstenger. Rådmannen har ansvaret for at det vært gjort og kan delegere ansvaret vidare i organisasjonen.

 § 4 Flagging ved kommunestyremøte
Det flaggast med norsk flagg på kommunehuset når det er møte i Austevoll kommunestyre.

§ 5 Andre nasjonalflagg
I tillegg til det norske nasjonalflagget, har vi også andre nasjonar sine flagg og det samiske flagget. Det samiske flagget kan heisast på den samiske nasjonaldagen.

Utanlandske flagg skal ikkje heisast med mindre det norske flagg også vert heist. Eit framand land sitt flagg kan heisast ved sidan av det norske flagget der det er naturleg som ei ærevising, jfr forskrift om framande land sine flagg på kommunale bygg.

Eit framand land sitt flagg skal ikkje gjevast ein meir framtredande plass enn Noreg sitt flagg. Utanriksdepartementet viser til at det norske flagget bør ha forrang ved nasjonale hendingar. Ved feiring av nasjonaldagen er det Noreg som feirast, men det er ingenting i vegen for at andre nasjonars flagg kan brukast den dagen, men dette bør avgrensast til flagg som vert haldne i handa.

Det bør ikkje brukast andre nasjonar sine flagg som konkurrera med det norske i storleik og plassering.

§ 6 Kommuneflagg
Austevoll kommune har eige kommuneflagg med logo som kan heisast på kommunale flaggstenger dagleg.

§ 7 Vimpel
Ein vimpel er definert som eit trekanta flagg der lengda er større enn høgda. Ein vimpel skal ikkje vere lengre en 1/3 av flaggstonga si lengde. Det eksistera både nasjonalvimplar og namnevimplar med logo.

  • Nasjonalvimpel – det norske flagget, med eller utan kors, i vimpelutgåve
  • Namnevimpel – Austevoll kommune har ingen eigen kommunevimpel med kommunelogo

Det er ikkje same reglar ved bruk av vimpel som ved bruk av flagg. Vimplar kan henge oppe utan tidsavgrensing, dvs. heile natta og i heile perioden den er aktuell.

§ 8 Arrangementsflagg
Arrangementsflagg og arrangementsbanner, det vil seie flagg/banner med arrangementsmotiv eller logo, blir brukt til profilering av eit arrangement eller ein arrangør knytt til ei særskilt hending.

Eit banner skal i hovudsak henge loddrett ned langs flaggstonga med største lengde langs flaggstonga. Det bør stillast krav til både kvalitet og utforming av arrangementsflagg og banner.

§ 9 Pride
Austevoll kommune kan flagge ved kommunehuset med regnbogeflagget under hovudhelga i Bergen Pride sitt årlege arrangement og/eller ved Pride-arrangement i Austevoll.

§ 10 Avsluttande merknader
Førespurnader om bruk av kommunale flaggstenger, og spørsmål rundt tolking av flaggreglementet i Austevoll kommune, skal rettast til rådmannen. Rådmannen avgjer også:

  • kva flaggstenger som skal nyttast
  • kva dagar det skal flaggast med nasjonalflagg
  • når dei kommunale flaggstengene kan nyttast for markering med vimplar eller arrangementsflagg

Rådmannen skal i saker som reiser prinsipielle spørsmål og/eller tvil, drøfte desse med formannskapet, eller med ordførar i hastesaker.

Rådmannen kan delegere mynde etter denne føresegna til kommunalsjef.