§ 1. Føremål
Aktiviteten i Austevoll frivilligsentral skal byggje på frivilliginnsats.
Austevoll frivilligsentral skal:
- leggje til rette for samarbeid mellom det frivillige og det offentlege
- utvikle og samordne frivillig aktivitet i lokalmiljøet
- vere eit bindeledd mellom dei som yter frivillig hjelp og dei som treng frivillig hjelp
- vere ein pådrivar for god folkehelsa
- stimulere til sosialisering og aktiv deltaking i lokalsamfunnet
- vere ein tilgjengeleg og sentral møteplass
- sentralen skal ha eit særleg fokus på unge, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne
§ 2. Organisering
Austevoll frivilligsentral skal vere organisert og drivast i samsvar med gjeldande retningsliner for frivilligsentralar, utarbeida av Kulturdepartementet og interesseorganisasjonen Norges Frivilligsentraler.
Austevoll kommune er eigar av Austevoll frivilligsentral.
§ 3. Årsmøte
Formannskapet er årsmøte til frivilligsentralen.
Årsmeldinga til frivilligsentralen skal vedtakast av Austevoll formannskap i løpet av vårhalvåret.
Formannskapet skal vedta alle endringar i vedtektene.
Formannskapet skal vedta driftsbudsjettet og driftsrekneskapen til frivilligsentralen.
§ 4. Val av styret
Styret skal veljast av formannskapet.
Det skal vere nyval av styre i år det vert gjennomført kommunestyreval. Valet av styremedlemmar skal skje etter at kommunestyret har valt formannskapet, ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
Formannskapet kan leggje ned styret, velje nytt styre eller bytte ut styremedlemmar når dei vil.
Styret skal består av
- 1 representant frå formannskapet med vara
- 2 representantar frå frivillige eller brukarar tilknytt frivilligsentralen med vara
- 1 representant for ungdomsrådet med vara
- 1 representant for råd for menneske med nedsett funksjonsevne med vara
- 1 representant for eldrerådet med vara
Formannskapet skal velje leiar og nestleiar blant desse.
§ 5. Styret sine oppgåver
Styret skal:
- sørgjer for at § 1 blir følgt opp i samarbeid med dagleg leiar.
- sjå til at rapportering skjer i samsvar med gjeldande reglar og innan pålagte fristar.
- sjå til at drifta skjer innanfor vedtektene og andre retningsliner.
- sjå til at det blir søkt om økonomiske tilskot og bidrag
Styret skal tilrå ovanfor for formannskapet i desse sakene:
- driftsbudsjett (driftsbudsjettet skal vere innanfor rammevilkåra i kommunestyret sitt budsjettvedtak og tilskot sentralen har råderett over)
- driftsrekneskap
- årsmeldinga til frivilligsentralen
§ 6. Styreleiar sine oppgåver
Styreleiar er ordstyrar i styremøte.
Styreleiar skal i samråd med dagleg leiar setter opp saksliste for kvart enkelt møte.
Innkallinga skal sendes til medlemmane på e-post innan rimeleg tid. Innkallinga skal innehalde ei liste over sakene som skal handsamast, og dokumenta i sakene. Ei sak skal setjast på sakslista viss minst 1/3 av medlemmane krev det.
Styreleiar skal sikra at det vert ført protokoll for styremøta. Protokollen er eit offentleg dokument og skal innehalde opplysningar om
- tid og stad for møtet
- kven møtte, og kven var fråverande
- kva saker vart handsama
- kva vedtak som blei fatta
- avrøystingsresultat.
Ved røystelikskap har leiar dobbeltrøyst.
§ 7. Dagleg leiar
Austevoll kommune er arbeidsgjevar for dagleg leiar og andre arbeidstakarar Austevoll frivilligsentral. Administrative og økonomiske oppgåver blir handtert av dagleg leiar på vegne av styret.
Dagleg leiar skal:
- vere sekretær for styret
- hjelpe til med å skrive og sende ut innkallingar og protokollar.
- kalle inn vara ved forfall
- sikre at innkallingar og protokollar blir gjort tilgjengelege for offentlegheita på ein føremålstenleg måte
- sikre at innkallingar og protokollar blir arkivert i kommunen sitt arkivsystem
§ 8. Økonomi
Austevoll kommune lønar dagleg leiar og stiller til disposisjon naudsynte lokalar og utstyr i Austevollbadet sitt bygg på Hippakaien. Andre tilskot frå eigar må takast opp gjennom styret. Tilskot frå andre kjelder kan disponerast av frivilligsentralen i tråd med føresetnader frå gjevar og i samsvar med vedtektene.
Sentralen eller dei frivillige som er knytt til sentralen kan ikkje ta imot betaling utover godtgjering for direkte utgifter.
Styremedlemmane får godtgjersle i tråd med kommunen si forskrift for godtgjersle til folkevalde.
Kommunestyret godkjenner budsjettet og rekneskapen til frivilligsentralen.
§ 9. Registrering i frivilligsentralen
Alle frivillige, brukarar, lag og foreiningar i kommunen kan registrerast i Austevoll frivilligsentral.
Opplysningane skal brukast til å sikre gode og opne tenester for alle partar som er involvert i drifta av Austevoll frivilligsentral.