Godkjente reguleringsplanar

Alle godkjente reguleringsplaner i Austevoll kommune er tilgjengeleg digitalt. I vår kartløysing Kommunekart kan du finne alle godkjente reguleringsplaner i kommunen, med tilhøyrande planmateriell.

Lenke til digital kartløysing

Her finn du rettleiing til kartløysinga (PDF, 878 kB)

Rettleiing til bruk av digital kartløysing

For å sjå godkjente reguleringsplaner trykk på lenke til digital kartløysing over. Dette vil opne eit nytt vindu og vise deg eit kart over Austevoll kommune.

Trykk på Austevoll kommune sin logo øvst på sida for å få tilgang til rullegardinmeny. Rullegardinmenyen vil bli vist på venstre side og viser dei val du har. Under "Austevoll kartlag" kan du velge å sjå informasjon om "reguleringsplaner". Zoom deretter inn på det aktuelle området eller skriv inn eit gards- og bruksnummer i søkefeltet.

Utklipp frå digital kartløysing

 

Når du har funne fram til den reguleringsplanen du ønsker å sjå, klikk på kartet for å få opp meir informasjon. Klikk deretter på "reguleringsplaner" og så på "reguleringsplan". Du vil da få informasjon om planstatus, plannamn, vedtaksdato m.m.

Utklipp frå digital kartløysing

 

Dersom du er interessert i å sjå plandokumenta, Trykk på "webplan" nederst i menyen til høgre. Sjå punkt 4 i bilde ovanfor. Dette vil ta deg til ein ny fane som ser slik ut:

Utklipp frå digital kartløysing

 

I den nye fana finn du opplysningar om reguleringsplanen, plandokumenta og sakshandsaminga. Her kan du til dømes laste ned plankart, føresegner og planskildringa.

Kontaktinfo

Plan- og byggesaksavdelinga
E-post
Telefon 55 08 11 00


Våre opningstider er: 
Måndag-onsdag og fredag:
kl. 10:00 til 14:00

Utanfor opningstid kan du sende oss førespurnad per e-post, så skal vi svare deg så snart vi kan.