Rettleiing til utarbeiding av reguleringsplan

Privat forslag til detaljregulering - planprosessen

Her finn du ei oversikt over planprosessen frå start til slutt. Meir informasjon og rettleiing finst under dei ulike artiklane under Rettleiar for private planforslag.

Om reguleringsplan:
Reguleringsplan er eit detaljert arealplankart med føresegner for bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader. Reguleringsplanar blir vedtekne av kommunestyret.

Private og offentlege aktørar har rett til å fremja forslag til detaljregulering for konkrete byggje- og anleggstiltak og arealbrukendringar.

Planprosess - private forslag til detaljregulering

1. Senda inn planinitiativ 
Ein forslagsstillar (privat grunneigar eller tiltakshavar/utbyggjar) sender inn eit planinitiativ, som er utarbeidd ved hjelp av ein fagkunnig plankonsulent, og bestiller oppstartsmøte. Eventuelt kan det bestillast eit rettleiingsmøte, for å avklara rammene og føresetnadene for planarbeidet før oppstartsmøtet. Planinitiativet må innehalda forslagsstillars vurdering av om planen blir omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing og eventuelt kva tema forslagsstillar meiner må greiast ut. Planinitiativet skal vurderast av avdeling for plan- og byggesak innan 8 veker før avtale om oppstartsmøte. 

Bestill rettleiing/oppstartsmøte

2. Oppstartsmøte
I oppstartsmøtet skal alle tema som er nødvendig for å klargjera føresetnadene for det vidare planarbeidet og utforminga av det endelege planforslaget, blir behandla. I oppstartsmøtet blir det vedteke om forslagsstillar kan starta opp planarbeidet. Viss planinitiativet blir omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing, skal foreslåtte utgreiingstema drøftast i møtet. Dersom det skal utarbeidast planprogram, kan det avtalast nærare dialog om utforming av forslag til planprogram.

3. Kunngjera og varsla oppstart
Administrasjonen skal handsama vedtak om oppstart, etter dette skal forslagsstillar/plankonsulent varsla om oppstart av planarbeidet i Marsteinen og i brev til naboar og ramma offentlege og private instansar. Alle kan så komma med merknadar og synspunkt om formål og innhald av betydning for planarbeidet. Dersom det er utarbeidd forslag til planprogram, skal det normalt sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn samtidig med varsel om oppstart. 

4. Utarbeiding av planforslag og mellommøte
Forslagsstillar utarbeider eit planforslag med hjelp av fagkunnig konsulent. Det blir tilrådd tett dialog med avdeling for plan- og byggesak og andre aktuelle faginstansar under dette arbeidet. Det er tilrådd om mellommøte i prosessen ved behov. I plansaker med konsekvensutgreiing blir dialog tilrådd og diskusjon om utgreiingane før endeleg planforslag blir utarbeidd.

5. Levera planforslag til 1.gongs handsaming
Når forslaget til reguleringsplan med tilhøyrande materiell er ferdig utarbeidd, blir komplett planforslag oversendt til avdeling for plan- og bygggesak for handsaming. Som vedlegg til sjølve planforslaget vil det liggja føre planskildring, illustrasjonsmateriale og aktuelle rapportar. Forslagsstillar vil i merknadsskjema gjera greie for korleis dei mottekne merknadene og utsegnene er vurderte og følgt opp i forslaget.

6. Politisk handsaming - 12 veker (1. gongs handsaming)
Administrasjonen handsamer saka og skriv saksframlegget sitt, som blir behandla i plan -og byggesaksutvalet. Plan -og byggesaksutvalet vurderer planforslaget og avgjer om forslaget skal fremjast ved å sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Plan- og byggesaksutvalet kan også vedta at planforslaget ikkje skal leggjast ut til offentleg ettersyn.

7. Høyring og offentleg ettersyn - 6 veker
Planforslaget blir sendt på høyring og blir lagt ut til offentleg ettersyn. Planforslaget er tilgjengeleg på kommunens kunngjeringssider. Kommunen kunngjer offentleg ettersyn på kunngjeringssidene og med annonse i Marsteinen. Ramma naboar, grunneigarar og offentlege og private instansar blir varsla med brev. Alle kan komma med merknadar og utsegner til reguleringsplanforslaget.

8. Bearbeiding av planforslag
Forslagsstillar utarbeider merknadsskjema der det blir gjort greie for korleis dei mottekne merknadene og utsegnene er vurderte og skal følgjast opp i forslaget. Forslagsstillar og plankonsulent skal vurdera om det bør gjerast endringar i reguleringsplanforslaget.

9. Politisk handsaming - 12 veker (2. gongs handsaming)
Sjå 1. gongs handsaming. 

 10. Politisk handsaming – 12 veker (endeleg godkjenning)
Endringar blir innarbeidde og forslaget til reguleringsplan med tilhøyrande materiell, blir oversende til kommunen for handsaming. Avdeling for plan- og byggesak vurderer og tek endeleg stilling til det reviderte planforslaget. Saksbehandlar utarbeider deretter eit saksframlegg kvar dei endelege vurderingane og tilrådningar til administrasjonen blir lagt fram. Deretter blir saksframlegget behandla i plan -og byggesaksutvalet. Saka blir tilslutt behandla i kommunestyret. Saksframlegg og planforslaget blir då tilgjengeleg i planregisteret.

Reguleringsplanen kan også vedtakast med endringar i kart og føresegner.

11. Kunngjering av vedtak
Administrasjonen kunngjør vedtaket i Marsteinen. Dersom politikarane har vedteke planen med endringar, må plankonsulent/forslagsstillar revidera planmaterialet etter avtale med saksbehandlar.

12. Klagehandsaming
Berørte partar kan klaga på vedtekne reguleringsplanar. Klaga blir oversend kommunen, som vurderer om det har nye moment noko å seia for vedtaket, og sender over klaga til Statsforvaltaren for endeleg handsaming. Sjå meir informasjon om klagetilgang.

Oversikt over kommunal handsamingstid og andre frister:

Planprosessen ny/ordinær endring, frister
Type Frister
Oppstartshandsaming 12 veker
Varsel om oppstart 4 veker uttalefrist
1. gongs handsaming 12 veker
Høyring og offentleg ettersyn 6 veker uttalefrist
2. gongs handsaming 12 veker
Høyring og offentleg ettersyn 6 veker uttalefrist
Begrensa høyring og offentleg ettersyn 4 veker uttalefrist
Endeleg godkjenning 12 veker frå administrasjonen har ferdigstilt saka
Klagefrist 3 veker klagefrist

Rettleiiar for private planforslag

Her finn du mellom anna krav om utarbeiding av reguleringsplan

Artikkelliste