Austevoll kommune

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Rettleiing til utarbeiding av reguleringsplan

Endringar etter ein forenkla prosess

I enkelte tilfeller kan kommunen godkjenne endring av ein reguleringsplan etter ein enklare prosess, enn full planendring. Få rettleiing på når dette er mogleg og korleis prosessen er (PDF, 124 kB)

Utgangspunktet er at ein ved endring av detaljreguleringsplanar må følge dei same reglene som ved utarbeiding av ny detaljreguleringsplan. For nokre reguleringsendringar er det mogleg å handsame saka etter ein forenkla tre-trinnsprosess. 

  

 

 

 

 

 

Kriteria for ein forenkla prosess er at endringa(ne) ikkje:

  • Går utover hovudrammene i planen
  • Er vesentlege
  • Er omstridt eller konfliktfylt
  • Råkar viktige natur- og friluftsområder
  • Påverkar gjennomføringa av planen for øvrig

Kva endringar som kan bli behandla etter ein forenkla prosess må bli vurdert i kvar sak. For meir informasjon viser kommunen til rettleiar for forenkla prosess (PDF, 124 kB)

Ved søknad kan du nytte kommunen si mal for søknadsskjema (DOCX, 40 kB)

Kva kostar det?

Kontaktinfo

Plan- og byggesaksavdelinga
E-post
Telefon 55 08 11 00


Våre opningstider er: 
Måndag-onsdag og fredag:
kl. 10:00 til 14:00

Utanfor opningstid kan du sende oss førespurnad per e-post, så skal vi svare deg så snart vi kan.