Som dei fleste ting startar planarbeidet med ein idé. Ofte er det lurt å ta kontakt med kommunen for å klarlegge om det er mogleg med eit byggeprosjekt for det aktuelle området. Dersom det er mogleg, tar forslagsstillar vanlegvis kontakt med ein plankonsulent/ansvarleg søkar. Dette er fordi plan- og bygningslova set krav til at reguleringsplaner skal bli utarbeida av ein fagkyndig person (PDF, 224 kB).
Kva planprosess ein reguleringsplan følger er avhengig av om det er ein ny reguleringsplan, ei ordinær endring eller ei endring etter forenkla prosess (mindre endring).
Ny/ordinær endring av ein reguleringsplan
Ein ny eller ordinær endring av ein reguleringsplan har mellom 4 og 6 trinn. Desse er:
Første steg i planprosessen er at engasjert plankonsulent ber om eit oppstartsmøte med kommunen for å presentere byggeprosjektet. I møtet vil både forslagsstillar og plankonsulent bli invitert. Kommunen vil invitere relevante interne partar i tillegg. Saman vil møtepartane diskutere rammene og føresetnadene for planarbeidet, kommunale krav til dokumentasjon osv.
Etter oppstartsmøte vil plankonsulenten ved behov oppdatere innsendt planinitiativ. Kommunen vil deretter behandle ynskje om oppstart av planarbeid. Dersom kommunen vedtek å gi oppstart vil plankonsulenten sende ut varsel om oppstart til naboar, grunneigarar og offentlege instansar, samt kunngjere i ei avis og gjennom elektroniske mediar.
Frist for innsending av merknad er normalt 4 veker frå kunngjering.
Når plankonsulent søkar og forslagsstillar er ferdig med å utarbeide reguleringsplanforslaget sendast dette inn til kommunen til 1. gongs handsaming.
Kommunen vil her gå igjennom planmateriale og sjekke at naudsynt dokumentasjon er sendt inn og at naudsynte vurderingar er gjennomført. Kommunen vil vurdere om planforslaget er i tråd med norske lover, forskrifter, statlege og regionale planar, og retningslinjer. Kommunen vil også vurdere og kommentere innkomne merknader.
Dersom det manglar dokumentasjon, informasjon, vurderingar eller kommunen har spørsmål til planforslaget vil plankonsulenten få tilsendt ein tilbakemelding på innsendt planmateriale. Saka vil ikkje kunne sendast til politisk handsaming før tilbakemelding vert svart på.
Når saka er komplett vil denne bli sendt til politisk handsaming for vedtak om planforslaget skal sendast ut på høyring og offentleg ettersyn. Uttalefrist er vanlegvis 6 veker.
Kjem det inn vesentlege merknader til planforslaget må saka til 2. gongs handsaming. Det same gjeld dersom planforslaget er vesentleg endra i forhold til opphavleg planforslag. Dersom ikkje kan planforslaget sendast til endeleg godkjenning.
Ved 2. gongs handsaming er hovudføremålet å vurdere planforslaget opp i mot innkomne merknader. Dersom naudsynt vil kommunen sende ut ein tilbakemelding på innsendt planforslag før politisk handsaming.
Når saka er klar sendast denne til politisk handsaming for vedtak om å sende planforslaget på ny høyring. Uttalefrist er vanlegvis 6 veker.
Når kommunen vurderer at planforslaget er komplett vil reguleringsplanen bli sendt til politisk handsaming og endeleg godkjenning. Det er klagefrist på tre veker på godkjenningsvedtaket.
Klage på godkjenningsvedtaket påverkar ikkje rettsverknaden til reguleringsplanen. Dette vil si at reguleringsplanen er bindande for nye tiltak sjølv om det er kome inn klage. Kommunen kan derimot på grunnlag av klage avvise søknad eller vedta midlertidig tiltaksforbod.
Klage vert normalt handsama innan 8 veker.
Tas klage til følgje vil dette bety at reguleringsplanen vert oppheva. Tas klagen ikkje til følgje vil klage bli sendt til Fylkesmannen som klagemynde. Handsamingstid hos Fylkesmannen er 12 veker.
Når eit forslag til reguleringsplan har vore gjennom trinna ovanfor, og er godkjent, kan søknad om byggeløyve bli sendt inn til kommunen.
Kommunen har utarbeida rettleiing for krav til utarbeiding av reguleringsplan som følgjer dei ulike hovudtrinna.
Oversikt over kommunal handsamingstid og andre frister:
Reguleringsendring etter forenkla prosess:
Kommunen kan i visse tilfelle vedta endringar i ein reguleringsplan etter ein enklare prosess. Denne prosessen består av tre trinn:
Før ein kan søkje om reguleringsendring etter ein forenkla prosess er det naudsynt å ha eit møte med kommunen for å presentere endringsforslaget. Dette møtet er kalt eit oppstartsmøte.
På oppstartsmøte kjem vanlegvis sakshandsamar, plan- og byggesakssjef, leiar for utval for plan- og byggesaker vere til stades, i tillegg til forslagsstillar og ansvarleg søkar. Saman vil møtepartane diskutere rammane for planarbeidet, kommunale krav til dokumentasjon etc.
Etter førehandskonferansen vil ansvarleg søkar sende inn revidert planmateriale og søke om oppstart av ei mindre endring av reguleringsplan.
Plan- og byggesakssjef har mynde til å vedta oppstart av ei mindre endring og at saka sendast på høyring. Dersom det vurderast som naudsynt kan saka sendast til politisk handsaming.
Etter handsaming av oppstartssøknad vil kommunen sende ut gebyr for handsaming av planforslaget.
Ved vedtak om oppstart av ei mindre endring og at planforslaget skal sendast på høyring, sender kommunen brev til naboar, grunneigarar og offentlege instansar. Uttalefrist er 4 veker.
Dersom det kjem merknader og innvendingar til planforslaget kan dette bety at reguleringsplanen må endrast etter ein ordinær planprosess.
Dersom det ikkje kjem inn merknader ved høyring og offentleg ettersyn vil saka bli sendt til politisk handsaming og endeleg godkjenning. Det er klagefrist på tre veker på godkjenningsvedtaket.
Klage på godkjenningsvedtaket påverker ikkje rettsverknaden til reguleringsplanen. Dette vil si at reguleringsplanen er bindande for nye tiltak sjølv om det er kome inn klage. Kommunen kan derimot på grunnlag av klage avvise søknad eller vedta midlertidig tiltaksforbod.
Klage vert normalt handsama innan 8 veker.
Tas klage til følgje vil dette bety at reguleringsplanen vert oppheva. Tas klagen ikkje til følgje vil klage bli sendt til Fylkesmannen som klagemynde. Handsamingstid hos Fylkesmannen er 12 veker
Når eit forslag til reguleringsplan har vore gjennom trinna ovanfor, og er godkjent, kan søknad om byggeløyve bli sendt inn til kommunen.
Kommunen har utarbeida eigen rettleiar og søknadsmal for reguleringsendring etter forenkla prosess.
Oversikt over kommunal handsamingstid og andre frister:
På grunn av sommerferie er uttalefrist utvida med 4 veker i juni til august.
Få meir informasjon om endring etter forenkla prosess.