Austevoll kommune

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Rettleiing til utarbeiding av reguleringsplan

Rettleiar til utarbeiding av VA-rammeplan

Til førstegongs behandling av alle reguleringsplanar skal det inngå rammeplan for vatn og avløp. Rammeplanen skal tydeleg vise korleis vassforsyning, sløkkevatn, avløpstransport, og handtering av overvatn skal løysast i samband med reguleringa. Denne artikkelen gir deg rettleiing om krav til innhaldet i VA-rammeplanen.

Bakgrunn 

I følge retningsline A til kommuneplanen sin arealdel 2013 «skal det saman med (regulerings)planen bli utarbeida ein VA- rammeplan for vatn og avløp». Denne skal bli utarbeida av fagkyndige

Bakgrunnen for krav til VA-rammeplan er at det er naudsynt med ein heilskapleg plan for å avklare vassrelaterte forhald som gir den beste løysinga for tiltenkt arealbruk. I mange tilfelle vil tema i VA-rammeplanen kunne føre til behov for justering av planlagt arealbruk.  Dette kan til dømes vere fordi ein må gjere justeringar for å sikre ei god løysing for overvasshandtering. Behov for nye pumpestasjoner eller andre bygningar knytt til vatn og avløp er andre førehald som må inn i reguleringsplanen. 

VA-rammeplanen er ikkje juridisk bindande, med mindre det blir knyta føresegn til den i reguleringsplanen. I VA-rammeplanen skal det likevel bli fremma forslag til føresegn som er naudsynte for ta i vare  dei løysningane som blir føreslått. Austevoll Vatn og avløp SA (AVA) er eigar av vassleidningsnettet og enkelte større hovudavløpsanlegg, janfør Hovudavløpsplan for Austevoll kommune (1998). AVA skal uttale seg i sakar som gjeld deira anlegg.  

Gjeldande relevant regelverk: 

Generelle krav til VA- rammeplanar 

Rammeplan for vatn og avløp skal: 

  • syne prinsippeskisseløysing for vatn, avløp og handtering av overvatn i reguleringa.  

  • gjere greie for utfordringar knytt til vatn, avløp og handtering av overvatn ved regulering. 

  • foreslå naudsynte tiltak for å handtere utfordringane.  

  • foreslå føresegn, rekkefølgekrav eller føremål i plankartet som er naudsynte for å ta i vare omsyn til vatn og avløp, inkludert overvatn.  

VA-rammeplanen skal tydeleg syne vassforsyning, avløpstransport og overvasshandtering. Det er hovudsakeleg snakk om prinsipp og overordna løysningar, men det kan være behov for dimensjonering for å synleggjere arealbehov eller omfanget av infrastrukturen. 
 
Først og fremst skal løysningar innanfor reguleringsområdet komme fram, men fleire forhold også utanfor området kan være aktuelt. I tillegg skal koplinga til eksisterande system tydeleg gå fram av VA-rammeplanen, og for å syne at nedstrøms eller tilstøytane anlegg har naudsynt kapasitet må ein i mange tilfelle også vurdere system utanfor reguleringsområdet. 

Forholdet til anna infrastruktur må og avklarast. Normalt ligg både VA-infrastrukturen og anna infrastruktur som høgspentkablar, fjernvarme, gass m.fl. i vegareala. Det er difor viktig å syte for tilstrekkeleg vegbreidder til den infrastrukturen som blir planlagt. Også tilstrekkeleg avstand til bygningar og konstruksjonar (fire meter som hovudregel) skal sikrast gjennom VA-rammeplanen. VA-rammeplanar skal være oversiktlege og gjere informasjonen lett tilgjengeleg. Den er eit vedlegg til sjølve reguleringsplanen, men skal væreutforma slik at den også kan lesast isolert. Dette betyr at alle referansar til områder eller delfelt skal kome fram av rammeplanen. 

Hovudpunkt i VA-rammeplanen 

  • Skildre eksisterande VA-infrastruktur; både i området og system for tilknyting og avdekke behov for tiltak som følge av reguleringa.

  •  Vurdering av resipient. 

  • Skildre kva overordna løysingar ein planlegg for vatn og avløp.

  • Utsleppspunkt. 

  • Tilknytingspunkt hovudvassleidning. 

  • Foreslå føresegn som tek i vare VA og eventuelt sikre installasjonar gjennom eigne føremål i plankartet.

  • Avklare eigarskap til VA-infrastruktur (offentleg/privat). 

  • Avklare rettar knytt til plassering av VA-anlegg utanfor eigen grunn. 

  • Avklare førehaldet til anna infrastruktur (som høgspentkablar, breiband osb.) og sikre tilstrekkelege areal til den infrastrukturen som det planleggast for.  

  • Sikre tilstrekkeleg avstand mellom eksisterande anlegg for vann og avløp og bygningar/konstruksjonar. Hovudregel er 4m avstand. 

Tema som skal vurderast 

Ved vurdering av kva behov reguleringa har knytt til vatn og avløp og kva løysinger som er aktuelle, er følgande relevant å få med: 

  • Vatn: Vurdere behov for vatn, dimensjonar på hovudleidning, trykkforhold og kapasitet i system for tilknyting, forsyningstryggleik. Naudsynt behov for slukkevatn og kapasitet skal bli vurdert. Dersom VA-konsulent vurdera at det er behov for kapasitetsutrekninger av vassforsyningssystemet, kan VA-verket kontaktes for slike beregninger i forbindelse med VA-rammeplanen.  
     
  • Avløp: Spillvassmengder, dimensjonar på hovudleidningar, høgder og fallforhold, kapasitet i system for tilknyting og behov for pumpestasjonar. Pumpestasjonar skal ha tilfredsstillande åtkomst og oppstillingsplass for større køyretøy. Resipient.  
     ​​​​​​
  • Overvatn: Vurdere overvassavrenning før og etter utbygging, vurdere tiltak for lokal handtering og plassering i planområdet, skildre og dimensjonere overvassystemet, oppgi BGF der overvasstiltak inngår i utrekninga av faktoren), koordinere foreslått løysning i VA-rammeplan med planar for landskap. Der det blir gjort infiltrasjonsløsninger skal føresegnene stille krav om infiltrasjonstestar, med mindre dei er utført i samband med VA-rammeplanen.
     
  • For anlegg for opp til 50 PE skal det takast utgongspunkt i føringane sett i lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Austevoll kommune. For større anlegg gjeld kapittel 12 i forureiningsforskrifta. 

Disposisjon VA- rammeplan 

Samandrag 
Kortfatta oversikt over prinsippløysing, utfordringar og nødvendige tiltak på vann- og avløpssystemet, inkludert overvann og flaumhandtering. 

Forslag til eventuelle føresegn, rekkjefølge krav eller føremål som må inn i plankartet for å ta i vare vatn og avløp, inkludert overvatn. 

Innleiing 
Kort bakgrunn for utarbeidinga av VA-rammeplanen: Kven har bestilt og kven har utført arbeidet. 

Planskildring 
Kort oppsummering av reguleringsplanen sine føremål og hovudgrep med vekt på førehald som påverka løysinga for vatn og avløp. Plankartet skal bli lagt ved eller bli synt som figur i rammeplanen. 

Eksisterande forhold 
Skildring av eksisterande VA-infrastruktur; både i området og system for tilknyting visast i kart for hovudsystem for vatn og avløp, alternativt i eit eige vedlegg viss det er føremålstenleg. Andre relevante forhold som førehald i grunn, resipient osb. Angi om området ligger i sone for separering eller lettseparering av avløp. 

Prinsippløysing for VA 

  • Overordna løysing for korleis vassforsyninga og avløpshandteringa skal løysast i området.
  • Hovudtrase for ny infrastruktur.
  • Tilknyting av det enkelte delfelt til hovudsystemet eller eksisterande nett.
  • Behov for nye stasjonar (pumpestasjonar, trykkaukingsstasjonar, overløp osv.) 
  • Blir satt saman i vedlagt kart med påført eigarskap til leidningar (offentleg/privat) 

Vassforsyning

  • Vassforbruk, brannvassbehov og dimensjonerande vassføring.
  • Dimensjoner for nye hovudleidningar.
  • Vurdering av forsyningstryggleiken til området, i rekna systemet sin kapasitet til brannslokking. 
  • Vurdere trykkforhold – særleg relevant ved høyhus eller ved tiltak i grensa mellom høgtrykka og lågtrykksoner. 
  • Det må bli henta inn uttale frå eigar av anlegg, Austevoll vatn og avløp SA.  

Avløp

  • Spillvassproduksjon i området.
  • Høgde og fallforhold.
  • Dimensjoner for nye hovudleidningar. 
  • Plassering av reinseanlegg/avløpsanlegg. 
  • Viss ein skal knyte seg på AVA sine hovudavløpsanlegg skal det hentast inn uttale/ løyve frå AVA.  

Overvasshandtering 

  • Avrenning før og etter utbygging. 
  • Skildring og dimensjonering av overvassystem. 
  • Avklaringar av tilstrekkeleg areal til overvassanlegg og eigarskap til grunn. 
  • Ved bruk av infiltrasjonsløysingar må det følge føresegn om infiltrasjonstestar eller infiltrasjonskapasiteten må dokumenterast i VA-rammeplanen.
  • Viss overvasshandteringa løysast i samanheng med flaumveg, må flaumveg og flaumhandtering også skildrast (flaum takast i utgangspunktet ikkje i vare som del av VA-rammeplanen).  
  • Viss det er planar om å bygge ned eksisterande myr skal VA- rammeplanen skildre konsekvensane dette får for overvassmengde m.m. 

Vedlegg 
Følgjande vedlegg skal som et minimum inngå i rammeplanen: 

  • Kart over hovudsystem for vatn og avløp.
  • Eigarskap til leidningane skal gå fram av kartet. 

Forenkla VA- rammeplan 

Der detaljreguleringa gjeld eitt enkelt bygg blir det stilt enklare krav til VA- rammeplan. Det vil likevel vere behov for kartlegging og vurderingar av tilknyting til vass- og avlaupsnett og eventuell konflikt mellom bygg og eksisterande nett. I tillegg må løysinga for overvasshandtering og vurdering av flaumveg gå fram.  

For detaljregulering av mindre vegtiltak som ikkje kjem i konflikt med VA- infrastrukturen kan det òg vere aktuelt med ein forenkla VA- rammeplan. Ein må likevel avklare fleire førehald som plassering av infrastruktur i grunnen, overvasshandtering og flaumvegar.  

Der reguleringa ikkje endrar arealbruken, men gjeldande reguleringsplan oppdaterast utan endring av dagens arealbruk, kan det òg bli laga ein forenkla VA-rammeplan. I mange planar av denne typen kan det være aktuelt å opne for enkelte tiltak utover det eksisterande. I slike tilfelle må det utarbeidast VA-rammeplanar som også inkludera dei nye tiltaka. 

Disposisjon- forenkla VA- rammeplan 
Som det kjem fram av rettleiaren kan ein for enkelte typar reguleringsplanar lage forenkla VA-rammeplanar. Desse forenkla planane vil naturlig inngå som eit avsnitt i sjølve reguleringsføresegna, heller enn å være en sjølvstendig plan. Det må bli understreka at til tross for at det kan bli utarbeida forenkla planer er det fleire førehold som må avklarast i samband med VA-rammeplanen.