Infeksjonskontrollprogram ved Austevoll pleie- og omsorgssenter

1 Føremålet med infeksjonskontrollprogram

Redusere risikoen for overføring av sjukdomsframkallande bakteriar frå både kjente og ukjente smittekjelde.

1.1 Omfang

Alle bebuarar, uavhengig av diagnose eller mogeleg infeksjonstilstand, og alle tilsette ved Austevoll pleie- og omsorgssenter.

1.2 Infeksjonsutbrot

Definisjon på infeksjonsutbrot: Når to eller fleire tilfelle synes å ha samanheng.

1.3 Tiltak ved infeksjonsutbrot

  • Leit etter mogeleg felles smittekjelde
  • Finn fellesnemnaren for dei som er blitt sjuke

1.4 Når utbrot er fastslått skal dette registrerast

  • Kva slags sjukdom/infeksjon (symptom) er dette?
  • Kor mange og kven har blitt sjuke, når starta symptoma?
  • Kva er mogeleg årsak?
  • Korleis skal utbrotet stoppast?
  • Korleis ein bryt smittevegane
  • Evaluering av tiltaka

1.5 Melding

Ved mistanke om utbrot av smittsame sjukdomar skal tilsynslege ved Austevoll pleie- og omsorgssenter kontakte smittevernlege i Austevoll kommune. Smittevernlege skal som rapporterer funna inn i MSIS-registeret.