Infeksjonskontrollprogram ved Austevoll pleie- og omsorgssenter

7 Spreiing av smitte er avhengig av desse fire faktorar – smittestoff, smittekjelde, smittemåte og smittemottakar

 

7.1 Smittestoff

Smittestoffet er den direkte årsaka til at ein sjukdom oppstår som følgje av smitte. Det er ulike mikroorganismar som er smittestoff. Bakteriar og virus er dei vanlegaste smittestoffa. Sopp er også ein vanleg årsak til infeksjon.

7.2 Smittekjelde

Andre menneske er den vanlegaste smittekjelda for menneske. Normalfloraen av mikroorganismar i kroppen vår medfører ikkje risiko for sjukdom der den normalt skal vere, men den kan føre til sjukdom andre stadar i kroppen. Den kan derfor vera ein kjelde til smitte. Sjølv om vi er friske, kan vi vera berarar av sjukdomsframkallande mikroorganismar. Vi kan derfor overføre sjukdom til andre utan at vi veit om det sjølv.

Smittekjelde kan og vera dyr og insekt, mat og drikke, eller materiale som har vore i kontakt med smittestoff.

7.3 Smittemåte

Vegen eller måten mikroorganismen vandrar frå smittekjelda til smittemottakaren. 

1. Direkte og indirekte kontaktsmitte
Direkte kontakt mellom smittekjelde og smittemottakar kan skje via kroppskontakt, som handtrykk, klem, hjelp til personleg hygiene osv.

Indirekte kontaktsmitte vil sei at smitten overførast via eit mellomledd, som til dømes hender.

For å førebygge må du ha god handhygiene.

2. Luft/dråpesmitte
Vanlegast er dråpesmitte frå personar med luftvegsinfeksjonar. Når en person hostar/nys; vert det slynga ut små dråpa som svev rundt i rommet. Desse kan komme i kontakt med nase, munn og auge hos personar i nærleiken.

For å førebygge dette må du: 
  • hoste og nyse i olbogen eller i eit lommetørkle som vert kasta etter bruk.      
  • ha god utlufting i alle rom, reingjering og vaske institusjons-/arbeidstøy etter hygieniske prinsipp.
3. Mat- og vassmitte
Smitten vert spreia gjennom mat og vatn. Smitten kan kome frå andre kjelde eller vere eit resultat av til døme feil behandling av matvarer. 

For å førebygge dette må du:
  • ha god hygiene når du lager mat
  • vere nøye med korleis du oppbevarer og lagrar mat.
4. Blod- og vevssmitte
Smitten kjem inn i kroppen gjennom sår eller sprøyter. For å unngå smitte bør ein: Bruke hanskar når du hjelper personar som har sår eller blør, og være varsam ved blodprøvetaking

5. Smitte frå tarm til munn
Når smittestoff vert overført frå tarm til munn, gjerne via hendene, kallar vi det fekal-oral smitte. 

For å førebygge dette må du vaske hendene:
  • etter toalettbesøk
  • mellom kvar pasient
  • før kvart måltid ein skal lage/servere

7.4 Smittemottakar

Det siste leddet i smittekjelda er eit mottakeleg menneske. Immunforsvaret syter for å hindre smitte frå dei fleste mikroorganismane vi vert utsett for. Kor godt immunforsvaret er, varierer frå person til person. Svekka allmenntilstand, sjukdom, alder og dårleg ernæring er andre faktorar som og kan vere årsaka til at eldre personar er meir utsett for infeksjonar. For å førebygge smitte får derfor bebuarar og tilsette på Austevoll pleie- og omsorgssenter tilbod om vaksine kvart år.