Infeksjonskontrollprogram ved Austevoll pleie- og omsorgssenter
9 Tiltak for å bryte smittevegar og hindre smitteoverføring
9.1 Handhygiene
Hendene til helsepersonell kan vere ei kjelde til overføring av mikroorganismar i helseinstitusjonar.
Korrekt handhygiene er det viktigaste enkelttiltak med tanke på å hindre overføring av smitte. Handhygiene skal utførast like før reine prosedyre, og alltid etter ureine prosedyrar og hanskebruk.
Sjå: FHI sin handhygienerettleiar
9.2 Hanskar
Bruk av hanskar er et ekstra sikringstiltak i tillegg til handhygiene, men er ingen absolutt barriere mot inntrenging av bakteriar. Hensikten med å bruke hanskar er å redusere mengda smittestoff på hendene. Hanskar skal berre brukast til konkrete arbeidsoppgåver eller prosedyre, og straks arbeidet er utført skal hanskane kastast. Deretter utførast handhygiene.
9.3 Munnbind
Bruk munnbind for å beskytte slimhinner i nase og munn ved prosedyrar der det av erfaring kan vere sprut av infisert kroppsvæske, urin, avføring eller blod. Munnbindet skal tas på før ein går inn i rommet. Før ein går ut av rommet skal munnbindet kastast etterfølgt av handhygiene.
9.4 Tekstilar
Det finnast oppdaterte prosedyrar for korleis reint og brukt tøy og sengetøy skal handterast for å hindre smitteoverføring til andre brukarar, personalet og miljøet.
Sjå: Smitteregime ved Austevoll pleie- og omsorgssenter
Ved smitte av tekstilar vert tøyet lagt i gule plastsekkar, deretter i gule tøysekkar, og vert sendt til Austevoll ASV. Ein skal følgje gjeldande regelverk for vask av infisert institusjonstøy
9.5 Privattøy
Dersom privattøy er forureina av mogleg infisert materiale vert lagt i plastpose og vert frakta inn til vaskemaskin. Når tøyet er lagt inn i vaskemaskin, vert døropninga desinfisert med Virkon. Dersom privat tøy vert vaska på lågare temperatur enn 85 °C skal vaskemaskina etterpå køyrast tom eller med anna tøy på 85 °C.
9.6 Arbeidstøy
Personalet sitt arbeidstøy blir skifta kvar dag, og sendt til Austevoll ASV for vask.
9.7 Stellefrakk/beskyttelsesforkle
Stellefrakk/beskyttelsesforkle skal vere pasientbundne.
Du skal bruk stellefrakk eller beskyttelsesforkle for å førebygge forureining av arbeidstøyet ved stell av bebuar. Det skal også brukast i situasjonar der forureina tøy eller utstyr vert handtert.
Vel ein type frakk/forkle som gir den beste beskyttelse for arbeidet som skal utførast. Ta av frakk/forkle når prosedyren er gjennomført.
Utfør handhygiene før og etter at frakken tas av for å hindre overføring av mikrobar til andre bebuarar, utstyr eller til miljøet.
9.8 Fleiregongsutstyr
Du skal handtere brukt pasientutstyr som er forureina med kroppsvesker eller blod på ein måte som hindrar forureining av hud, arbeidstøy og miljø ikkje skjer. Dette gjeld blant anna pasientutstyr som bekken, pussbekken, urinflasker.
9.9 Desinfeksjon
Desinfeksjonsprosessen dreper dei fleste sjukdomsframkallande mikroorganismar, men den dreper ikkje spore. Desinfeksjon vert brukt for å bryte smittevegane. Du skal desinfisere utstyr som er har blitt forureina av organisk materiale.
For å hindre overføring av smitte til brukarane skal alt utstyr desinfiserast straks etter det er brukt.
Bekken, vaskefat, pinsettar, skyljebolle osv. skal pakkast inn i ein plastpose før du går ut av rommet. Dette utstyret skal deretter så raskt som mogeleg transportert til skyljerommet for desinfeksjon i dekontaminator eller instrumentvaskemaskin. Utstyr som ikkje tole varme, må desinfiserast kjemisk før det vert nytta til andre. For kjemisk desinfisering bruk Virkon eller liknande kjemikaliar og følg brukarrettleiinga.
Vanleg bestikk og servise vert nytta. Etter bruk transporterast utstyret emballert i plastpose til nærmaste skyljerom for desinfisering i bekkenspyler, før det vert vidaresendt til kjøkkenet for reingjering i oppvaskmaskin.
9.10 Reingjering
Utstyr som skal reingjerast regelmessig er:
- Rullatorar, rullestolar og heisar – skal reingjerast ein gong per månad.
- Dosettvogner skal reingjerast og ryddast kvar månad. Sjå skjema under lokale rutinar.
- Nattbord, senger og liknande. Sjå: Reinhaldsplan.
Primærkontaktene har hovudansvaret for at bebuarane sine hjelpemiddel vert satt opp til reingjering.
9.11 Sterilisering
Sterilisering dreper alle mikroorganismar, også spore. Sterilt utstyr brukast på normalt sterile område som blodårar, urinvegar, nedre luftvegar og ved brot på hud-barrieren.
Sjå prosedyre: Blodprøvetaking
9.12 Eingongsutstyr
Eingongsutstyr som er teke inn på rommet kan ikkje tas ut igjen. Det må kasserast dersom det ikkje vert brukt eller når isolasjonen vert oppheva.
Eingongsutstyr skal ikkje lagrast på rommet.
9.13 Transport av bebuar
Transport skal reduserast til eit minimum. Dersom bebuaren må forlate rommet, skal all sekresjon vere under kontroll, ved hjelp av bandasjar eller bleier. Bebuar må ha reint tøy, rein seng og utføre god handhygiene før transport.
9.14 Miljøkontroll
Det skal finnes oppdaterte prosedyrar for når og kor ofte vanleg reinhald, reinhald av seng, sengeutstyr og handtering av avfall på sjukeheim/institusjon skal utførast for å hindre smitteoverføring.
Sjå: Reinhaldsplan
I sjukeheimen skal bebuarane flyttast minst mogeleg. Ved utbrot eller ved andre ekstraordinære høve må det vurderast omplassering av bebuarar. Dette vert gjort for å hindre at det vert spreiing av smitte.
Reingjering vert utført som vanleg. Moppar, klutar og liknande skal transporterast til vaskemaskin i ein plastpose, og skal vaskast på minimum 85 °C. Moppestativ bør vere rombunden så lenge isolasjonen fortsett. Når isolasjonen avsluttast må moppestativet desinfiserast og reingjerast. Søl av infisert materiale vert desinfisert med Virkon. Les brukarrettleiinga på Virkon.
9.15 Avfallshandtering
- Sikre gode rutinar for handtering av avfall og hindre overføring av smitte frå risikoavfall til dei som bur og arbeidar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter
- Gjeld all handtering av avfall
- Bruk alltid beskyttelsesutstyr under arbeid med avfall
- Utfør alltid handhygiene etter kontakt med ureint materiale
- Emballer/sorter avfall nærmast brukarstaden på avdelinga
Avfall som er tilgrisa med infisert materiale vert rekna som smitteavfall. Det kan vera bandasjar, bleier osv. Mindre mengder vert emballert i plastposar og vert handtert som hushaldningsavfall. Større mengder av forureina avfall vert kasta i eigna esker/behaldarar. Anna avfall som aviser, blomster, handtørkepapir vert rekna som hushaldningsavfall og ikkje smitteavfall.
9.16 Tømmingsregime
Spesialavfall som sprøytespissar og liknande vert samla i boksar som er merka og eigna til dette formålet. Desse blir fortløpande pakka i gule sekkar og deretter oppbevart i større pappesker. Eskene vert satt på kjølelageret i kjellaren. Vi tek kontakt med ein spesialavfallsbil når det er nok esker til levering. Anna spesialavfall vert levert direkte på avfall stasjon i Porsdalen etter behov.
- Restavfall i konteinar og dunkar i kjølerom vert levert kvar veke.
- Bio avfall i kjølerom vert levert kvar 14 dag.
- Papir vert levert til kvar 14 dag.
Sjå: Smitteregime ved Austevoll pleie- og omsorgssenter