Overordna smittevernplan

6 Beredskapssituasjonen

Det er alltid risiko for epidemi eller utbrot av alvorleg smittsam sjukdom i ein kommune. God vaksinasjonsdekking og oversiktlege forhold er viktige faktorar for å begrense omfang av desse.

Potensielle kjeldar for utbrot og epidemi:

  • Meningkokksjukdom kan opptre i små epidemiar og medføre behov for beredskap.
     
  • Turistar, arbeidsreisande, innvandring og utanlands reiser kan føra til at sjukdomar vert brakt inn i kommunen.
     
  • Eit stort tal flyktningar på ein gong kan og vera ein potensiell smittefare.
     
  • Ein vassboren smitte vil kunne føra til eit stort tal sjuke på éin gong.

Influensavirus og andre virus kan gje epidemi eller pandemi. 

6.1 Planlegging

Kommunen har eigen plan for handtering av pandemi. Han eignar seg og til bruk i massesmittesituasjonar slik som alvorlege epidemiar eller vassboren smitte som rammar store delar av befolkinga.

Kommunen har og plan for handtering av matboren smitte og varsling ved utbrot.

Kommunen har overordna plan for beredskap og kriseleiing. Smittevernlegen blir kalla inn til møte i kriseleiinga i sakar som omhandlar smitsame sjukdomar.

Vidare i dette dokumentet er handlingsplan for handtering av mindre utbrot og epidemiar. 

6.2 Melding

Legar har meldeplikt om allmennfaglege smittsame sjukdomar til kommuneoverlegen og Folkehelseinstituttet. Jordmødre, helsesjukepleiar og sjukepleiarar har same varslingsplikt.

Kommuneoverlegen varslar Smittevernlege vidare dersom dette ikkje er same person.

Smittevernlegen skal ved mistanke om alvorleg epidemi eller utbrot av alvorleg smittsam sjukdom som kan ha betydning for fleire innbyggjarar varsle Rådmann som vurderar om kommunen skal setje kriseleiing. Smittevernlegen skal og varsla sin kommunalsjef.

Smittevernlegen har plikt til å melde utbrot på Vesuv. Slik varsler du om utbrudd - FHI.

Smittevernlegen må vurdere å varsle Fylkesmannen/Fylkeslegen, varsle legevakten og varsle Helseforetaket.

6.3 Oversikt

Smittevernlegen må ved melding om alvorleg smittsam sjukdom/epidemi setje i verk tiltak for å få oversikt over situasjonen. Dette oversynet vil vere grunnlag for vidare tiltak. Smittevernlegen kan på vegne av kommunen påleggje legar og anna helsepersonell å ta del i arbeidet. Det kan vere naturleg å opprette ei innsatsgruppe med både helsefaglege ressursar og representantar frå dei råka tenestane (institusjon, skule, barnehage, vann- og avløp mv.)

Faglege organ/ressursar vert kontakta ved behov – fylkeslegen, FHI, Mattilsynet, smittevernlegen, helseforetaket, omliggande kommunar.  

6.4 Smittesituasjonen

Det må lagas oversikt over tal smitta personar, og tal personar som står  fare for å bli smitta. Om mogleg oppsporing av smittekjelda. Korleis smitta vert spreia har stor innverknad for vidare tiltak og må ha prioritet. Helsepersonell må varslas om pågåande utbrot slik at smitta kan identifiseras tidleg. Det er viktig å sikre god prøvetaking og diagnostikk. 

Tiltak vert retta mot: 
  • sanering av smittekjelder 
  • bryte smittevegar
  • verne ikkje-smitta personar 

6.5 Oppgåver

Viktige oppgåver kan vere: 
  • Avgrensing av vidare smittespreiing. Isolering av smitta, karantene av personar som kan vere smitteberar, inndeling i kohortar og hygienetiltak er aktuelle å sette i verk.  
     
  • Vaksinasjon: 
    Dersom det finst vaksine mot den/dei aktuelle sjukdomane må det setjast i verk massevaksinasjon i grupper. Ved stor tilstrøyming av flyktningar må ein prøve å få oversyn over vaksinasjonsdekning og gje naudsynt vaksine. Ved ukjend vaksinasjonsstatus vert det gjeve vaksine som om personane er uvaksinert.
     
  • Desinfeksjon/sikring av drikkevatn: 
    Sikring av drikkevatn vert ei høgt prioritert oppgåve. Dette gjeld sikring, desinfeksjon og bruk av alternative vasskjelder. Det bør gjerast i nært samarbeid med smittevernlege, næringsmiddeltilsyn, vassverkseigar og plan- og bygg etaten. 
     
  • Møteforbod: 
    Kommunestyret kan forby møte og samankomst, stenge verksemder, barnehagar, skuler og liknande. Denne mynda er delegert vidare til smittevernlegen.
     
  • Miljøundersøkingar for å avdekke ukjent smitte med klinisk undersøkelse og diagnostiske testar. 

6.6 Behandling

Dei  sjuke kan motta behandling heime, i institusjon, i spesialisthelsetenesta eller det kan vere behov for å opprette anna midlertidig opphaldsstad i kommunen (hotell, kommunal bustad). Kommunen må vere budd på å yte helse- og omsorgstenester til smitta. Kommunen må derfor ha ein beredskap:

  • Tilstrekkeleg med smittevernutstyr for personell i helse og pleie. Tilsette må vere opplært i bruk av personleg verneutstyr.
     
  • Tilstrekkeleg tilgong på antibiotika og andre medikament for infeksjonsbehandling.
     
  • Plan for transport av smitta personar dersom det er naudsynt.
     
  • Gode rutinar for handtering av ulike typar smitte (dråpesmitte, luftsmitte, kontaktsmitte mv.) i helsetenesta og omsorgstenesta.
     
  • Plan for alternativ opphaldsstad for smitta personar der det ikkje er forsvarleg at dei oppheld seg i si bustad grunna fare for smittespreiing.
     
  • Plan for bruk av tvang:
    Ved mistenkt/stadfesta allmennfarleg smittsam sjukdom, kan det vere aktuelt med strakstiltak. Dette kan gjelde tvangsundersøkingar og tvangsisolering.
     
  • Informasjon:
    I ein beredskapssituasjon er informasjon viktig. Kommunen har kriseplan for informasjon og smittevernlegen bidrar med fagleg innhald til KKL si informasjonsansvarleg.