1 Innleiing
Denne planen tek føre seg korleis Austevoll kommune vil kunne handtere ein situasjon der ein særs kraftig influensasjukdom eller anna smittsam sjukdom råkar store delar av befolkninga samstundes. Planen skildrar tiltak for å hindre smittespreiing, korleis ta hand om mange sjuke, og korleis oppretthalde drifta av kommunen trass i stort sjukefråvær. Planen kan også vere til nytte i andre tilfelle av massesjukdom, til dømes ved utbrot grunna forureina drikkevatn.
Forkortingar i planen:
KKL = Kommunal Kriseleiing (sjå kommunen sitt beredskapsplan)
KO= Kommuneoverlegen i Austevoll
HF = Helseføretaket (Helse Bergen)
SVL= smittvernansvarleg lege i Austevoll
HKO = Helsesjukepleiarkoordinator
1.1 Kva er ein pandemi?
Influensa er ein virussjukdom som opptrer årleg. Men somme tider kjem eit nytt og kraftig influensavirus i omløp som er heilt ulik tidlegare influensavirus. Då har få menneske motstandskraft mot influensaviruset, og vi har ikkje noko vaksine mot den i startfasen. Det vil føre med at særs mange vil verte sjuke samstundes. Mange fleire vert alvorleg sjuke og døyr enn ved vanleg influensa. Dersom dette skjer i stor skala i mange land over heile verda, vil Verdas Helseorganisasjon WHO erklære at vi har ein ny influensapandemi. Døme på tidlegare influensapandemiar er Spanskesjuka, Hong-Kong sjuka, Asiasjuka og Svineinfluensapandemien i 2009. I 2020 oppstod ein ny og annleis pandemi med eit koronavirus kalla SARS-CoV19 som gir sjukdomen Covid. Pandemi med denne typen virus gjer andre utfordringar enn med influensavirus. Grunna ny kunnskap og erfaringsbasert kunnskap er pandemiplanen oppdatert haust 2020 og tilpassa det nye utfordringsbilete.
1.2 Krav om beredskapsplikt
Kommunen skal ha beredskap for å kunne handtere ein influensapandemi. Dette følgjer av kommunen si generelle beredskapsplikt. Denne planen er forankra i kommunal:
- Smittevernplan
- Overordna beredskapsplan
1.3 Kvifor ein pandemiplan ?
Ved alvorlege beredskapssituasjonar som ved ein pandemi, vil det kunne oppstå auka belastning på alle delar av samfunnet. Fråvær av nøkkelpersonell grunna sjukdom vil vere høgt. Det er derfor viktig at pandemitiltak inngår som ein integrert del av kommunen sine beredskapsplanar. Slik kan samfunnsviktige strukturar og tenester takast i vare på best mogleg måte.
Ved ein pandemi vil talet på personar som treng ulike kommunale tenester kunne auke vesentleg på kort tid. Kommunen si kriseleiing må derfor tidlegast mogleg få kunnskap om utviklinga og planlegge for ekstraordinær innsats, for rekruttering og omdisponering av personell, i tillegg til å aktivere kontakt med frivillige organisasjonar og liknande.
Når første bølgje av pandemien inntreff, vil ikkje ein effektiv vaksine retta mot det aktuelle pandemiviruset vere tilgjengeleg. Det er heller ikkje sikkert at ein har tilgjengeleg medisin mot viruset. Generelle smitteverntiltak (hostehygiene, handhygiene, sosial distansering, forbod mot samling av personar, reiserestriksjonar, tidleg identifisering av smitta, smittesporing, isolering av sjuke og karantene for nærkontaktar) vere viktig for å hindre unødig smitte og bremse smittespreiinga. Dette er tiltak som kan ha positiv innverknad for samfunnet innan alle sektorar. Erfaring frå koronapandemien 2020 synar at smittespreiing kan hindrast.
1.4 Føresetnader for planen
Planen legg til rette for eit offensivt kommunikasjonsarbeid og ein rask og samordna reaksjon når ein pandemi er under utvikling.
Pandemiplanen er forankra i kommunen si leiing og implementert av alle aktuelle kommunale tenesteområde. Pandemiplanen er utarbeidd av ei tverrsektoriell gruppe under leiing av kommuneoverlegen. Han er drøfta med aktuelle samarbeidspartnarar utanfor Austevoll kommune. Han vil vere eit godt utgangspunkt for handtering av ein pandemi. Regelmessige øvingar vil vere heilt naudsynt.
Lovgrunnlaget og andre planar sentrale for dette arbeidet er omtala i vedlegg 1. Myndigheita vil kome med særlovar og forskrift i løpet av den einskilde pandemien. Lokale mynde kan ved å vedta ein lokal forskrift sette i verk lokale tiltak for å hindre eller avgrense smitte.