Pandemiplan for Austevoll kommune 2020-2029
2 Kommunale oppgåver og ansvarsliner før, under og etter ein pandemi og tiltak
2.1 Fasar i ein pandemi
2.1.1 Interpandemisk fase
Dette er tida mellom to pandemiar. Siste influensapandemi var svineinfluensautbrotet i 2009. No i 2020 er det pågåande koronapandemi. Ein veit ikkje når neste pandemi vil kome.
I interpandemisk fase arbeider vi med beredskap og å oppdatere pandemiplan og avtalar. Det er viktig å ha fokus på nedkjemping av sesonginfluensa og å halde gode smittevernrutinar i den generelle befolkninga og i helsevesenet. Kommunen skal ha oversikt over tilgjengeleg kompetanse.
Einsretting av legevaktsdrift i kommunane i Helse Bergen, øving saman, felles prosedyrar, likt utstyr og journalsystem er tiltak som kan fremme utveksling av personell i ein krisesituasjon.
2.1.2 Heva beredskapsfase
Dette er når helsemyndigheita varslar om mogleg pandemi. Her er fokuset på å auka smitteverntiltak og førebu seg praktisk gjennom å sikre at naudsynte planar, utstyr og personell er tilgjengeleg.
2.1.3 Pandemisk fase
Arbeidet i pandemisk fase er omtalt vidare i resten av planen. Pandemifasen kan vare over lang tid. Det kan vere varierande tal sjuke og smitta i denne tida. Kva verkemiddel som er naudsynt kan derfor også variere. Erfaring frå koronapandemien synar at ein «trafikklysmodell» som delar smittetrykket inn raud, gul og grøn fase er ein god måte å kvantitere risiko på. Da kan tenestene organiserast slik at tiltak til en kvar tid er tilpassa aktuell smittesituasjon. Det må då utarbeidast kriterium for når lokal trafikklys skal avvike frå nasjonal trafikklys (sjå vedlegg 4).
2.1.4 Overgangsfase
Når tal sjuke eller smitta byrjar å avta går ein over i ein normaliseringsfase, der vanleg drift etter kvart skal gjenopptakast og tiltaka i pandemiplanen trappast ned. Vidare er det viktig med god evaluering.
2.2 Skildring av forventa arbeidsoppgåver
Ein pandemi vil omfatta heile Austevoll i alle samfunnssektorar, private og offentlege verksemder. Den største merksemda og belastninga vil vere hjå helseteneste., men andre tenester innan omsorg, oppvekst, teknisk og administrative vil også bli råka. Alle verksemder i kommunen bør ha vurdert og planlagt korleis dei skal løyse arbeidsoppgåvene ved ein krisesituasjon. I tillegg er det viktig å sikre at andre samfunnsaktørar har tenkt gjennom korleis dei vil løyse samfunnsoppgåvene sine i ein slik krisesituasjon. Ein pandemi vil medføre kapasitetsutfordringar i spesialisthelsetenesta og hos eksterne tenesteleverandørar.
Pandemien gir ikkje Austevoll kommune nytt ansvar eller nye oppgåver, men vil krevje ekstraordinær innsats innanfor tenesteapparatet. Pandemien vil påverke alle kommunale tenester, og alle sektorar må sikre at viktige oppgåver kan gjennomførast trass i eit høgt sjukefråvær. Som ved andre beredskapssituasjonar vil kommunen ha eit viktig informasjonsansvar. Informasjonen må vere oppdatert, kunnskapsbasert og samordna med informasjon frå sentrale myndigheiter.
Pandemien vil medføre auka trong for helsetenester. Vaksinasjon, smitteverntiltak og kommunikasjonsarbeid vil og stille store krav til organisering og ressursar. Med mange sjuke samtidig vil kommunen bli utfordra på å oppfylle sitt ansvar for å sikre dei sjuke naudsynte legeundersøkingar, forsvarleg behandling og oppfølging. Samstundes skal kommunen yte ordinære helse-omsorgstenester til kronisk sjuke og personar med store og samansette behov. Desse gruppene vil under ein pandemi ha auka behov for tenester, samtidig som sjukefråværet blant tilsette vil vere høgare enn normalt.
2.3 Organisering og ansvarsliner
Dei alminnelege beredskapsprinsippa gjeld ved handtering av ein influensapandemi:
- dei regulære ansvars- og rapporteringslinjer blir oppretthalde (ansvarsprinsippet)
- organiseringa er så lik vanleg som mogleg (likskapsprinsippet)
- handteringa skjer på lavast mogleg nivå (nærleiksprinsippet)
- planar og tiltak er samordna internt og mot eksterne samarbeidspartar (samvirkeprinsippet)
2.3.1 Setje KKL (kommunens kriseleiing)
KKL koordinerer ansvar for vidare handtering av pandemien. KKL samarbeider med fylkesmannen og andre nasjonale organ. Kommunen si kriseleiing (heretter kalla KKL) har ansvaret for handtering av pandemi. KKL kan etablera tverrfaglege og tverrsektorielle team for den daglege handteringa av pandemien. KKL skal setja stab når ein går over i høgna beredskapsfase. I driftsfasen når pandemi er den nye normaltilstanden, skal KKL trå tilbake og dei vanlege ansvarslinjer gjeld. Det kan likevel vere trong for å aktivisere KKL dersom det oppstår stor smitteoppblomstring på kort tid, eller smitte råkar kommunale institusjonar så som sjukeheim og skule. KKL rapporterer til kommunestyret.
2.3.2 Medisinsk-fagleg rådgjeving
Kommuneoverlegen (KO) er medisinsk-fagleg rådgjevar. KO kan velje å utnemna ein smittevernansvarleg lege (SVL). Dersom ikkje annan SVL er utnemnt, er SVL kommuneoverlegen.
2.3.3 Delta i interkommunal koordineringsgruppe i Helse Bergen
Sjå vedlegg 2. Rådmannen utnemner to representantar til dette. Det kan vere aktuelt å danne undergrupper av koordineringsgruppa der kommunen skal stille med representantar.
2.3.4 Ekstraordinær tilføring av personale og økonomiske bevilling, fullmakter
I evalueringa etter pandemien i 2009-2010 i Austevoll vart det særleg peika på at etatane som fekk nye store oppgåver måtte løyse desse innanfor gjeldande budsjettramme og med eksisterande personell. Evalueringa peika på blant anna trongen for å få ekstra personell/budsjettressursar, i tillegg til merkantil/administrativ støtte til organisering og gjennomføring av tiltak og informasjonsarbeid.
Austevoll kommune har i arbeid med overordna beredskapsplan teke omsyn til denne utfordringa og har i vedtak i kommunestyret 15.12.2016, sak 172/16, Overordna beredskapsplan gitt løyve til ekstrabevillingar, s.11 kapittel 3. plan for kommunal kriseleiing:
"Kommunestyret delegerer til kommunens kriseleiing alle fullmakter som er nødvendig for iverksette relevante og skadeavgrensande tiltak i ein krisesituasjon eller når ein krise truer."
Andre roller for kommunestyret
Ved erklæring frå nasjonale og regionale mynde at pandemi er «allmennfarleg»:
Kommunestyret vedtar avgrensingar i sosial omgang og eventuelt stenging av verksemder der smittespreiing særleg finn stad (til dømes større arrangement og andre større forsamlingar).
Følgjande paragraf er delegert til kommuneoverlegen jamfør vedtatt delegeringsreglement:
Smittevernlova, § 4-1 Møteforbud, stenginga av virksomhet, begrensing i kommunikasjon, isolering og smittesanering.
2.4 Setje i verk informasjonsstrategi
Kommunen har plan for informasjon i kriser, sjå vedlegg 3 Plan for kriseinformasjon. KKL utnemner informasjonsansvarleg.
Det er trong for fleire typar informasjon:
- Informasjon til sjuke
- Generell informasjon om status
- Informasjon om handtering av smittesituasjon
- Korleis komme i kontakt med kommunen
- Informasjon for å hindre smittespreiing
- Informasjon om massevaksinasjon
- Informasjon om andre kommunale tenester som pleie/omsorg, skular mm.
- Informasjon dersom andre samfunnskritiske tenester vert ramma
Det er viktig å gje råd om først å ta telefonisk eller elektronisk kontakt med helsetenesta for å minske smittetrykket. Informasjon via facebook er effektivt, rask og ser ut til å nå ut til særs mange brukarar. Legesenteret si nettside og kommunen si nettside er også viktig informasjonskanal. Generell informasjon i andre mediar som til dømes Marsteinen kan vere bra. Lokalt oppslag og sms varsling gjennom kommunen sitt system er også moglege kjelder for informasjon. Ferdig trykt materiell som kan delast ut/ligge tilgjengeleg på butikkar, ferje og andre samlingsstader kan og vere nyttig.
2.5 Vedta lokale forskrift
I ein pandemi kan lokale utbrot gjere det naudsynt å innføre særlege lokale tiltak som er strengare enn dei nasjonale tiltaka. Kommunestyret har fullmakt til å vedta lokale forskrift. Det skal likevel vere høg terskel for dette, og tiltaket bør vere tilrådd av overordna myndigheit (FHI og Fylkesmannen)