3 ROS analyse for ein pandemi Austevoll kommune
Eigenskap ved viruset vil vere viktige med tanke på kva måte den kan ramme samfunnet. Dersom viruset smittar lett, men ikkje gir så alvorleg sjukdom, er det sjukdom og karantene som er hovudproblemet. Innsatsen må vere på å skaffe nok personale på jobb i nøkkelfunksjonar (både innan helse, men og skule/barnehage, drift og tekniske tenester, kollektivtransport, varehandel mm), ha god nok kapasitet og system innan testing og smittesporing samt smittereduserande tiltak.
Dersom viruset gjer alvorlegare sjukdom må ein freiste å hindra at folk vert smitta. Stenging av verksemder for å hindre smittespreiing er eit døme på dette. Og då må ein òg ha betre kapasitet for å behandle fleire alvorlege sjuke. Det er behov for ein fleksibel plan.
Tal eksempel: Austevoll i framtida med 5500 innbyggjarar
Det er berekna statistisk kva følgjer ein pandemi kan ha. Då tar ein utgangspunkt i situasjonen med ein moderat pandemi der kring 25% vert ramma, og med alvorleg pandemi som omfattar 50% av innbyggjarane.
Kommentar: Jo mindre kommunen er, desto større blir usikkerheit, og dei reelle tala kan bli både større og mindre.
Utfordringane ved ein pandemi kan delast inn i 5 grupper:
1) Mange sjuke som treng kommunale helsetenester og/eller auka pleie og omsorg samstundes
Fylgjande faktorar vert identifisert som kritiske punkt som må gjerast noko med:
- kapasitet på kontakt med lege/legevakt
- kapasitet på legetimar og sjukebesøk
- kapasitet på sjuketransport
- nok utstyr på legesenter/legevakt til diagnostisering, behandling og hygienetiltak
- trong for å førebygge smittespreiing blant pasientar
- fleire treng tilsyn i heimen
- bortfall av omsorgspersonar/alle i familiar sjuke samstundes slik at dei ikkje kan ta vare på seg sjølv og sine barn/eldre dermed trengs kommunal pleie/omsorg
- trong for å bygge opp institusjonskapasitet for å behandle akutt sjuke som ikkje kan eller skal innleggast i sjukehus
- fleire dødsfall, psykososial belastning på befolkninga
- stor trong for informasjon
2) Auka sjukefråvær og karantene kan gå ut over arbeidet til dei som er sjuke:
- sjukmeldingar og karantene innanfor helsetenesta og pleie- og omsorg sett ned kapasiteten ytterlegere.
- sjukmeldingar og karantene innan skule/barnehage gjer det vanskeleg å oppretthalde tilbod, skular må stenga eller gå over til digital skule.
- sjukmeldingar og karantene innan samfunnskritisk verksemd som straum, vatn, brøyting, beredskap, varelevering til butikkar og anna infrastruktur.
3) Trong for smitteverntiltak og hurtig identifisering og isolering av smitta
- vaksine vil ikkje vere tilgjengeleg i starten av pandemien. Det kan vere avgrensa tal vaksinar, naudsynt å prioritere. Når behandling vert tilgjengeleg er det avgjerande å få det hurtig ut til dei aktuelle gruppene.
- det vil vere viktig å halde dei som er smitta og ikkje-smitta frå kvarandre, kan vere naudsynt med tiltak som sosial distansering, restriksjonar på reising, stenging av verksemd til dømes skular. Serveringsstadar, idrett/kultur. Kommunale tenester må tilpassast smitteverntiltaka.
- det vert auka trong for hygienetiltak inkludert smittevernutstyr og reinhald.
- testing, isolering, smittesporing og karantene (TISK) er strategien for
4) Trong for samordning med andre delar av helsetenesta:
Ein pandemi vil ramme ikkje berre vår kommune, men heile regionen. Utfordingane vi står overfor i Austevoll, vil og ramme nabokommunar. Mange sjuke på ein gong vil tære på kapasiteten til sjukehusa både grunna fleire pasientar generelt, fleire intensivpasientar, trong for omorganisering på sjukehus for å hindre smittespreiing, meir ambulansetransport og sjukmelde arbeidstakarar på sjukehuset. Det vert fleire som ringer til legevakt, og Bjørnafjorden og Samnanger Legevaktsentral kan ha vanskar med å handtere alle telefonar. Det er viktig at Austevoll gjer det dei kan for å avlaste sine samarbeidspartnarar og handtere mest mogleg lokalt så sant det er medisinsk forsvarleg. Samstundes har den einskilde pasient same rett på helsehjelp uavhengig av om det er mange andre sjuke.
5) smitteverntiltak og fråvær kan gå ut over andre delar av samfunnslivet og næringslivet.
Dramatisk endring i etterspørsel etter tenester, oppseiingar og permitteringar, vanskar med tilgang til varer og personell frå utlandet og restriksjonar på sosial kontakt vil råke innbyggjarane hardt.