Pandemiplan for Austevoll kommune 2020-2029
4 Tiltak
I denne delen blir det skildra aktuelle tiltak i pandemisk fase basert på ovanståande ROS-analyse. Tiltaka er delt inn i 7 område:
- Diagnose og behandling (legetenester)
- Pleie- og omsorgstenester
- Annan kommunal verksemd
- Psykososial omsorg
- Samfunnskritiske funksjonar utanfor kommunesektoren og næringsliv
- Massevaksinasjon
- Smitteverntiltak testing og smittesporing (TISK)
4.1 Diagnose og behandling - legetenesta
Mål: Austevoll kommune skal utøve helsetenester som diagnose, behandling og oppfølging til sine innbyggjarar.
ROS-analyse legetenester:
- Eige personale vert sjuke.
- Stor pågang av personar som treng legetilsyn både på kontoret og i heimane.
- Vanskar med å kome gjennom til legekontor og legevaktsentral på telefon.
- Vanskar med å skaffe nok pasientskyss/transporttenester pga. auka etterspurnad eller smitteverntiltak.
- Sjuke kan smitte friske pasientar på legevakt og tilsette kan spreie smitte mellom pasientar, treng meir smittevernutstyr og hygienetiltak.
- Restriksjonar på å legge inn på sjukehus pga. manglande kapasitet, må ta hand om fleire pasientgrupper sjølv enn det som er vanleg.
- Stor auke i oppgåve for KO/SVL.
- Utfordringar med å skaffe nok medisin.
4.2 Pleie- og omsorgstenester
Mål:
Austevoll kommune skal oppretthalde pleie- og omsorgstenester til eksisterande brukarar, auka tenester til brukarar som vert sjukare, og gje tenester til nye brukarar som følgje av pandemien.
ROS-analyse: pleie- og omsorgstenestene vert ramma ved ein pandemi på fleire måtar:
- Eige personell kan bli sjukmeldt eller sett i karantene, som gir utfordringar med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft.
- Brukarane av tenesta kan bli sjuke og ha auka trong for pleie og omsorg utover det som er vanleg.
- Det kan vere aktuelt å yte pleietenester til nye brukarar som ikkje har tenester til vanleg.
- Sjukehusa kan vedta å ikkje ta i mot pasientar som er sjuke, både av influensa og annan sjukdom, og krevje at kommunen behandlar desse sjølv i ØHD seng eller spesialoppretta avdeling.
- ØHD seng og korttidsplassar må i raud fase stengje/lokaliserast ein annan plass enn sjukeheimen for å hindre smitte inn på sjukeheim.
- Krav til karantene og isolering kan vere utfordrande i forhold til praktiske forhold og krevje bruk av tvang.
- Sosial distansering og smitteverntiltak kan gjere det naudsynt å ta bort ikkje-livsnaudsynte tenester som heimehjelp, støttekontakt med vidare.
Kapasitet
Pleie- og omsorgstenestene er dynamiske tenester som er vane med å tilpasse seg eit skiftande behov både hos den einskilde brukar, og i talet på brukarar. Sjukeheimen har inntil 52 plassar i drift men talet varierer etter behov. Helseservicekontoret gjer vedtak om kva for tenester den einskilde heimebuande skal ha. Kommunen har omsorgsbustadar der det er mogleg å setje inn forsterka heimesjukepleiar dersom naudsynt. I kommunen sin helse- og sosial beredskapsplan er daglegstova ved Austevoll pleie- og omsorgssenter tenkt nytta til opphald av eit tal ekstra personar i ein krisesituasjon.
Organisering
Kommunen har overordna ansvar for beredskap. I tilfelle der det ligg føre drift av private leverandørar, ligg det i avtalar/kontraktar at leverandør har plikt til å følgje kommunen sin beredskapsplan.
Helseservicekontoret i Austevoll har ansvar for å tildele tenester innan pleie og omsorg. I ein pandemisituasjon vil dei få ekstra krevjande oppgåver med å fange opp endra behov hos dei som allereie har tenester, i tillegg til å tildele tenester til nye. Kommunalsjef helse og velferd, KKL og smittevernlegen bør tidleg vurdere om det er behov for å fremme vedtak om å bruke andre bygningar som ikkje er bygd til behandling eller andre helsetenester for å sikre behovet kommunane har ved ein pandemi eller å flytte brukarar for å frigje kapasitet.
Samordning
Det er naudsynt med god og tett dialog mellom helseservicekontoret, rådmannen, kommunalsjefane, legetenesta og dei som driftar pleie- og omsorgstenester. Det vert viktig både å auke/tildele tenester når behovet er der, og å redusere til normalt nivå/avslutte tenester når behovet ikkje lenger er der. Det er viktig med tett dialog med spesialisthelsetenesta om sjukehuspasientane. Og sannsynleg trong for å samordna frivillig innsats. Kommunen sin frivilligkoordinator kan involverast i dette arbeidet.
Informasjon
Brukarar av pleie- og omsorgstenester og deira pårørande vil ha særskilt trong for informasjon om pandemien og aktuelle tiltak. Ein kan ikkje stole på at generell informasjon i media er nok for denne gruppa. Direkte informasjon, mobilisering av pårørande, gjerne eigen informasjonskanal som til dømes oppslag i fellesrom på omsorgsbustadane må vurderast. Det må vere god informasjon om restriksjonar i besøksordningar og kva tiltak PO til ein kvar tid har til tilsette, brukarar og pårørande. Det kan vere trong for eige varslingssystem for at buande i omsorgsbustadane kan få tak i sjukepleiar som er på huset.
4.3 Anna kommunal verksemd
Brann og redningstenesta, oppfølging av personar med utviklingshemming, skular, barnehagar, drift og vedlikehald og informasjonsarbeid er døme på samfunnskritisk verksemd som kommunen har ansvar for. Stort sjukefråvær kan true desse funksjonane. Tenestene må ha planer for korleis dei vil handtere ein slik situasjon. Vidare må tenestene kunne gjennomføre naudsynte smitteverntiltak i samråd med Kommuneoverlegen. Trafikklysmodellen er ein god modell for å kunne ha tenester som er tilpassa den aktuelle smittesituasjonen. Kvar kommunal eining skal lage si ROS analyse, og lage si smittevernplan for drift av tenestene i raud, gul og grøn fase. Tenestene må og ha ein «blålys» plan for smitteutbrot i eigen verksemd. Sjå vedlegg 4.
Kommunen har oppretta eit tverrfagleg smittevernteam som kan ta opp utfordringar og gje råd om løysingar til dei kommunale tenestene.
4.3.1 Skulesektoren/barnehagar
Målsetting: barn og unge skal sikrast opplæring, ev tilsyn og aktivitet på dagtid, og ikkje utsettast for unødig smitterisiko.
ROS-analyse: skule og barnehage:
- Tilsette vert sjuke må stengje og omorganisere verksemd pga. ikkje nok folk på jobb.
- Mange saman på liten plass kan føre til spreiing av smitte.
- Foreldre kan vere sjuke og ikkje klare å ivareta tilsyn, måltid, lekser m.m.
- Skulen har ikkje utarbeidd plan for tiltak ved personalmangel eller stenging.
- Stenging av skular vil auke sjukefråværet elles i samfunnet til 30-35 % på det høgaste (Folkehelseinstituttet, 2014) fordi foreldre må vere heime med barna sine.
4.3.2 Brann og redning
Brann og redning har ikkje noko direkte planverk med tanke på pandemi i Austevoll. Ein stiller seg då bak samarbeid med nabobrannvesen. Brann og redning har i tillegg til eigen styrke 16 mann i ein «reserve» styrke, (Skogbrannreserve). Denne vil om nødvendig bli trekt inn ved behov. Ref. Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenets redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernloven). https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-14-20.
Akutthjelpartenesta i brann- og redning kan få auka pågang og nye oppgåver med å assistera legetenesta.
Trong for brannfagleg vurdering dersom nye areal vert teken i bruk til heildøgns pleie
4.3.3 FDV (vaktmeistartenesta)
FDV har ikkje noko planverk med tanke på pandemiutbrot i kommunen.
Område der FDV kan tenkast å bidra i ein pandemi:
- Auka trong for reinhald av kommunale bygg for å hindre smittespreiing.
- Auka trong for lokale til pleie- og omsorgstenester, skular mm i tillegg til praktisk skaffa senger, møblar m.m.
- Auka trong for brøytetenester hos privatpersonar som er sjuke.
- Auka trong for transport av helsepersonell og pleiepersonell, fleire bilar.
- Auka trong for varslingssystem/tilkallingsalarm for pleiepersonale.
- Etablering av medisinsk/velferdsteknologi.
- Handtering spesialavfall/containerar, og brannopplæring Prestaneset:
- Bilpark heimetenesta og vedlikehald av bilpark, sikre naudløysingar ved bortfall av vatn og straum og bortfall av telefon til legevakt, legekontor, data.
4.3.4 Servicekontor og kommunen sin administrasjon
Informasjonsarbeid er særs viktig og servicekontoret må vere budd på stor pågang på telefon. Nettsida må oppdaterast hyppig og det vil vere trong for å ta imot førespurnadar frå media som skal handterast av KKL.
Økonomikontoret må vere budd på store utfordringar grunna trong for utvida budsjett.
Innkjøpsavdelinga får nye oppgåver knytt til å skaffe og halde oversikt over lager av smittevernutstyr og anna.
HR får auka oppgåve med å skaffe personell og endring av turnusar og vaktordningar
IT må skaffe utstyr til fleire tilsette, og mobilt datautstyr og kommunikasjonsmidlar. Bidra til utvikling av nye tenester f.eks. videokonsultasjon med lege, kameraovervaking av dårlege pasientar. Handtere oppståtte kriser som bortfall av straum , nettsida nede, bortfall av telefoni, bortfall av data.
4.4 Psykososial oppfølging
Målsetting: kommunen skal yte god psykososial omsorg til eksisterande brukarar, og andre i befolkninga som blir ramma av kriser og uventa dødsfall
ROS-analyse psykososial oppfølging:
- fleire menneske opplever traumatiske hendingar, tap av jobb eller økonomiske vanskar, alvorleg liding og dødsfall.
- utsette grupper har særskilt trong for oppfølging. Det kan vere til dømes framandspråklege, personar med bakgrunn som flyktningar, personar som frå før har psykiske lidingar eller rusutfordringar, personar som har lite nettverk eller som frå før slit med økonomiske vanskar.
- Smitteverntiltak som sosial distansering, færre arrangement og møteplassar, heimekontor og avgrensing av tal personar som kan møtast fører til meir einsemd.
Psykososial omsorg
Med psykososial omsorg meinar vi målretta tiltak som blir sett inn etter potensielt traumatiserande hendingar for å hjelpe einskildpersonar, grupper eller der lokalsamfunnet er påverka. Hensikta skal vera å bidra til å normalisera livssituasjonen, mobilisera nettverk og førebyggja og å redusera psykiske, rusrelaterte, somatiske og sosiale problem.
Utsette grupper
Kommunen må sikra seg kunnskap og kompetanse om innbyggjarane i lokalsamfunnet for å kunna forstå, samhandla og samarbeida godt med menneske av forskjellige kulturar. Ved utbrot av alvorleg pandemi bør det rettast merksemd mot grupper som kan vera spesielt sårbare på grunn av manglande sosialt nettverk. Eksempel kan vera: barn og ungdom, personar med psykiske lidingar, personar med alvorleg sjukdom, aleineforsørgjarar, arbeidsinnvandrarar, tilflyttarar utan sosialt nettverk, familiar der omsorgsperson er utilgjengeleg grunna turnusarbeid, asylsøkjarar, flyktningar og familiegjenforeinte.
4.5 Samfunnskritiske funksjonar utanfor kommunal sektor
Målsetting: kommunen må bidra til å hindre bortfall av infrastruktur og samfunnskritiske funksjonar som straum, vatn, transporttenester, IT system, vareleveransar, matproduksjon og drivstoff.
ROS-analyse samfunnkritiske funksjonar utanfor kommunal sektor:
Eit stort sjukefråvær i befolkninga kan føra til svikt i samfunnskritiske funksjonar som rammar kommunen. Det kan vera leveransesvikt av viktige varer, store datasystem kan falle ut og offentleg transport kan bli hardt ramma. Dette må kommunen vera budd på og det bør vera teke omsyn til i kommunen sine generelle beredskapsplanar.
Kommunen må halde seg orientert om at sentrale samfunnsviktige verksemder i kommunen har beredskapsplaner som ivaretek drift ved stort fråver.
Austevoll kommune har vore i kontakt med sentrale aktørar utanfor kommunal sektor (oppdatert juni 2018):
Tiltak samfunnskritisk verksemd
4.6 Massevaksinasjon
Målsetting: rask og effektiv massevaksinasjon når vaksine er tilgjengeleg, prioriterte grupper først
ROS-analyse massevaksinasjon:
- usikkert når vaksine kjem, vil ikkje vere tilgjengeleg i starten av pandemien
- kan vere for få dosar for alle innbyggjarar, naudsynt å prioritere kva grupper som skal få og handheva dette til tross for pågong
- vaksineringa må ikkje utsette innbyggjarar for smitterisiko
- effektiv vaksinering av fleire tusen krev store lokale, mange tilsette og god logistikk
Dersom det blir aktuelt med massevaksinasjon, vil leiande helsesjukepleiar få ein koordinatorfunksjon (HKO), som skal bistå kommuneoverlege/smittevernlegen med praktiske og administrative funksjonar. Koordinatoren skal etter "rettleiar for massevaksinasjon" i samhandling med smittevernsansvarleg lege og helsesjukepleiar, organisere og administrere massevaksinasjonen.
4.7 Smittevern
Målsetting: hindre spreiing av influensavirus mellom smitta og friske personar
ROS-analyse smitteverntiltak:
- usikkert i starten av pandemien kor smittsamt viruset er. R-tal kan variere gjennom pandemien ut frå endring i viruset.
- risiko for at tiltak som gjerast t.d. massevaksinasjon er med på å spreie smitte ved at store folkegrupper møtast.
- helsepersonell, transportørar av sjuke m.v kan spreie smitte.
- stenging av verksemd pga. smittefare t.d. skule/barnehage vil skape auka fråver frå jobb pga omsorgsbyrde.
- stenging av møteplassar og sosiale arena vil bidra til auka frykt og psykososialt press.
- økonomisk innverknad av stengde verksemd.
Generelle tiltak som er aktuelle for å hindre smitte (nasjonale råd):
- hygiene: handhygiene / nytte handsprit, hoste i armkroken
- sosial distansering: halde 1 meter avstand til alle utanom husstand, ingen fysisk kontakt
- avgrense tal nærkontaktar
- hald deg i heimen ved symptom
- avgrense kor mange som kan delta ved arrangementer
- heimekontor
Tiltak: Smitteverntiltak