Samarbeidsavtale med helseforetaket om pandemisk influensa

3 Heva beredskapsfase

Dette kapittelet trer i kraft når nasjonale helsemyndigheiter ber helse- og omsorgstenestene auke sin beredskap som førebuing til ein mogleg pandemisk influensa.

3.1 Koordinering og samordning

Dei ulike organisasjonane skal oppnemnde ein representant og ein vara som skal vere kontaktpersonar i heva beredskapsfase. 

3.1.1 Koordineringsgruppe

Kommunane i dei ulike samarbeidsutvalområda skal peike ut to representantar blant kontaktpersonane i sitt område, for deltaking i ei koordineringsgruppe saman med representantar for spesialisthelsetenesta. Kommunerepresentantane har ansvar for å sikre involvering frå kommunane dei representera.

Haraldsplass Diakonale Sykehus AS og Helse Bergen HF skal til samen peike ut inntil åtte representantar til koordineringsgruppa.

Koordineringsgruppa kan invitere inn andre relevante instansar til å møte i gruppa ved behov.

Namn og kontaktinformasjon til representantane nemnt over, sendast over til beredskapsleiinga i Helse Bergen HF, som har ansvar for å mobilisere og fasilitere koordineringsgruppa sitt arbeid.

I denne fasen skal koordineringsgruppa som eit minimum lage ein oppdatert oversikt over tilgjengelege ressursar og planar for utvida kapasitet i helsetenesta, og foreta risikovurdering av kapasitet i helsetenestene. I tillegg skal gruppa følgje opp aktuelle føringar fra sentrale helsemyndigheiter.

3.1.2 Informasjons- og kommunikasjonstiltak

For å sikre samordning skal generell informasjon frå nasjonale helsemyndigheiter nyttast som grunnlag for kommunikasjon til befolknings og eigne tilsette.

3.2 Førebyggjande tiltak

Partane skal i denne fasen førebu seg på massevaksinasjon. 

3.3 Mobilisering av ekstra helsepersonell

Koordineringsgruppa skal leggje til rette for samarbeid mellom avtalepartane og eksterne helsepersonellressursar, utdanningsinstitusjonar og frivillige organisasjonar. Dette skal samordnast gjennom koordineringsgruppa for å unngå at fleire avtalepartar planlegge å bruke same helsepersonell og for å sikre ei rasjonell ressursfordeling under ein influensapandemi.