1.1 Føremål
Avtala skal bidra til å gi befolkninga naudsynt helsehjelp under ein influensapandemi, og sikre klare ansvarsforhold og rutinar for samarbeid mellom partane.
Metodikken som er skildra i denne avtala kan nyttast ved samarbeid under liknande beredskapshendingar som har eit anna utgangspunkt enn influensavirus.
1.2 Avtalepartar
Avtala gjeld mellom kommunane i Helse Bergen sitt føretaksområde, Helse Bergen HF og Haraldsplass Diakonale Sykehus AS.
1.3 Avtala si oppbygging
Avtala er strukturert etter Verdas helseorganisasjon si faseinndeling av en pandemisk influensa.
Interpandemisk fase: Dette er perioden mellom influensapandemiar. I denne perioden vil det oppstå nye subtypar influensavirus i dyrepopulasjonar som iblant kan smitte frå dyr til menneske, men som først vil ha pandemisk potensiale når det oppstår smitte mellom menneske.
Heva beredskapsfase: Denne startar når det er påvist en ny subtype av influensa hos menneske. Meir årvaken og grundige risikovurderingar er viktig på lokalt, nasjonalt og globalt nivå.
Pandemisk fase: Denne startar når vi ser en global spreiing (til fleire WHO regionar) blant menneske av en ny subtype av influensa.
Overgangsfase: Etter toppen av en pandemisk bølge, ved minska global risiko vil ein kunne redusere tiltak og bevege seg mot gjenoppbyggingsfasen. Her kan det komme nye pandemibølger.