2 Interpandemisk fase
Ein influensapandemi vil føre til fleire tilfelle av alvorleg sjukdom og død enn vanleg. Partane må derfor ha planar for å møte ein situasjon med auka behov for helsetenester og redusert kapasitet for å gi helsehjelp, irekna planer for:
- Etablering av fleire senge-/behandlingsplassar
- Omprioritering av ressursar innanfor organisasjonen
- Tilpassing av helsetilbodet til ulike pasient- og brukargrupper
- Psykososial støtte
- Forsyningssikkerheit
- Massevaksinasjon
- Informasjonstiltak
- Øvingar
2.1 Samordning av pandemiplanar
Partane forpliktar seg til å utarbeide planar og rutinar som er i tråd med denne avtala.
Denne avtala skal vere et obligatorisk vedlegg til partane sine pandemiplaner.
2.2 Øvingar
Avtalepartane skal så godt dei kan å delta i dei andre partane sine øvingar.
2.3 Førebyggande tiltak
Partane skal kontinuerleg arbeide for å sikre at basale smittevernrutinar etterfølgjast og at ein opprettheld fokus på smitteavgrensning i eigen organisasjon.
I denne fasen forpliktar partane seg til å tilrettelegging for auka vaksinasjonsdekning innan i eigne organisasjonar.