Austevoll kommune

Kommuneplanens arealdel (KPA)

Kommuneplanens arealdel (KPA) skal behandlast av styringsgruppa onsdag 4. mai. Les saksdokumenta her.

Hei! Mitt namn er Kari.
Kva kan eg hjelpe deg med?

Interpandemisk fase

Samarbeidsavtale med helseforetaket om pandemisk influensa

2 Interpandemisk fase

Ein influensapandemi vil føre til fleire tilfelle av alvorleg sjukdom og død enn vanleg. Partane må derfor ha planar for å møte ein situasjon med auka behov for helsetenester og redusert kapasitet for å gi helsehjelp, irekna planer for:

  • Etablering av fleire senge-/behandlingsplassar
  • Omprioritering av ressursar innanfor organisasjonen
  • Tilpassing av helsetilbodet til ulike pasient- og brukargrupper
  • Psykososial støtte
  • Forsyningssikkerheit
  • Massevaksinasjon
  • Informasjonstiltak
  • Øvingar

2.1 Samordning av pandemiplanar

Partane forpliktar seg til å utarbeide planar og rutinar som er i tråd med denne avtala.

Denne avtala skal vere et obligatorisk vedlegg til partane sine pandemiplaner.  

2.2 Øvingar

Avtalepartane skal så godt dei kan å delta i dei andre partane sine øvingar.

2.3 Førebyggande tiltak

Partane skal kontinuerleg arbeide for å sikre at basale smittevernrutinar etterfølgjast og at ein opprettheld fokus på smitteavgrensning i eigen organisasjon.

I denne fasen forpliktar partane seg til å tilrettelegging for auka vaksinasjonsdekning innan i eigne organisasjonar.