Samarbeidsavtale med helseforetaket om pandemisk influensa

4 Pandemisk fase

Punkta i dette kapittelet skal setjast i verk når nasjonale helsemyndigheiter erklæra at landet er ramma av ein pandemi.

Ein pandemisk influensa vil føre til auka belastning på helse- og omsorgstenestene. Desse vil bli overbelasta og får sin behandlingskapasitet redusert, noko som får betydelege konsekvensar. Det kan påreknast store vanskar med å oppretthalde forsyningane av tenester og varer, eksempelvis legemiddel, materiell og kapasitet for å oppretthalde samfunnskritiske funksjonar. 

4.1 Massevaksinasjon

Kommunane skal vaksinere sine innbyggjarar. Spesialisthelsetenesta skal vaksinere sine tilsette og innlagte pasientar.

4.2 Mobilisering av ekstra helsepersonell

For å sikre at avtalepartane skal kunne yte naudsynt helsehjelp i ein situasjon med stort fråvær av personell kombinert med auka behov for helsehjelp, kan det bli naudsynt å mobilisere helsepersonell utanfor eigen organisasjon, jamfør punkt 3.3.

Slik mobilisering skal samordnast gjennom koordineringsgruppa for å unngå at fleire avtalepartar planlegge å bruke same helsepersonell og for å sikre ei rasjonell ressursfordeling under ein influensapandemi.

Det føresetjast at partane har planar for å mobilisere ekstra personell innanfor eigen organisasjon, inkludert pensjonistar.