1 Informasjonsplikt til kommuneoverlegen for styrarar og rektorar
Alle barn og elevar skal vere trygge i barnehagar og skular. Styrar/rektor må på eige initiativ gje melding til kommuneoverlegen dersom det er tilhøve som kan ha negativ verknad på barna/elevane si helse.
Det er fire kategoriar for når styrar/rektor plikter å gje melding til kommuneoverlegen:
- Når det er alvorlege eller langvarige utbrot av smittsame sjukdommar.
- Når det har skjedd alvorlege skader, hendingar eller nesten-ulykker med barn/elevar.
- Når ikkje-akutte tilhøve som kan påverke barna/elevane si helse negativt ikkje blir retta opp innan rimeleg tid.
- Når det er tilhøve rundt barnehagen/skulen som kan ha negativ innverknad på barna/elevane si helse.
1.3 Vanlege/hendelege tilfelle – ikkje informasjonsplikt
Plikten til å varsle har to føremål:
- Kommuneoverlegen skal kunne undersøke at det ikkje er risiko for tryggleiken til andre barn/elevar.
- Kommuneoverlegen skal kunne overføre erfaringar etter spesielle hendingar til andre barnehagar og skuler.
Det er derfor ikkje varslingsplikt for vanlege/hendelege tilfelle, til dømes armbrot etter fall på flatmark eller beinbrot etter hopp frå låg høgde. Vi ønskjer likevel låg terskel for å melde frå, så kommuneoverlegen kan vurdere om saka skal følgjast opp.
1.4 Ikkje-akutte tilhøve som ikkje vert retta opp innan rimeleg tid
Døme på når kommunelegen skal varslast:
- Fuktskadar som ikkje vert retta raskt nok, eller det er tvil om fuktskadar er utbetra godt nok.
- Dårleg inneklima (til dømes dårleg luftskifte, tung luft, lukt, høg/låg temperatur).
- Behov for vedlikehald som utgjer tryggleiksrisiko.
- Behov for vedlikehald som gjer at det ikkje er mogleg å halde reint.
- Vedvarande dårleg reinhald.
- Utfordringar i barna/elevane sitt psykososiale miljø.
- Oppussingsarbeid i barnehagen/skulen som gir støy, støv eller tryggleiksrisiko.
- Trengsel, at ikkje alle barn/elevar har tilgang på stort nok areal. Gjeld både inne og ute.
1.5 Tilhøve rundt barnehagen/skulen som kan ha negativ innverknad på barna/elevane si helse
Døme på når kommunelegen skal varslast:
- Byggeprosjekt nær barnehagen/skolen som gir støy, støv eller tryggleiksrisiko.
- Dårlege tilkomstvegar, parkeringsplassar, køyremønster eller belysning som gjev auka risiko for at barna/elevane vert påkøyrd.
- Andre farar for ulykker nær barnehagen/skolen, til dømes rasfare, trær som kan velte, industriområde som ikkje er tilstrekkeleg sikra.
- Forureining av lufta nær barnehagen/skulen.
1.6 Korleis melde frå
Meld frå til kommuneoverlege Inger Uglenes på e-post:
smittevern@austevoll.kommune.no eller telefonnummer 55 08 10 67/ 97 98 75 00 dersom det er noko som hastar. Send samtidig kopi av e-post til Miljøretta helsevern i Bergen kommune, som gjer sakshandsaming på vegne av kommuneoverlegen, til:
mhv@bergen.kommune.no. Dersom det hastar kan du nå Miljøretta helsevern på telefonnummer 55 56 52 00 (sentralbord, de vil verte sett over til ein ledig sakshandsamar). Ikkje send opplysningar underlagde teieplikt per e-post.
Dersom de har spørsmål om eit tilhøve fell inn under informasjonsplikta, kan de ta kontakt med Miljøretta helsevern.
1.7 Kven gjeld informasjonsplikta for
Plikten til å gje melding gjeld for barnehagar, dagmammaverksemder, grunnskular, vidaregåande skular, og vaksenopplæring som tilbyr vidaregåande utdanning. Alle med plikt til å gje melding til kommuneoverlegen må ha dette skrive ned i sine rutinar.
1.8 Kvifor informasjonsplikt
Du har plikt til å gje informasjon til kommunelegen, jf. forskr om miljørettet helsevern i skoler mv § 5.
Les meir i Helsedirektoratet sine rettleiarar til forskrifta: