AustevollspakkenLytt til tekstenStopp avspillingI samarbeid med Vestland fylkeskommune pågår planlegging av vegutbetringar i Austevoll. Publisert13.01.2021 16.42 Sist endra13.01.2021 17.11 Sjølv om planlegginga av Austevollpakken har kome langt, så er det enno ikkje gjort vedtak i fylkestinget og kommunestyret om å sette i gang utbygging. I ei slik sak vil ein også ta stilling til finansiering og prioritering av utbetringsprosjekta.Tidslinje15.12.2016 Austevoll kommunestyre vedtar at det skal utarbeidast ei samferdselsutgreiing. Utgreiinga skal vurdere behov for tiltak, prioriteringar, finansieringsalternativ og tilråding om vidare arbeid for å utbetre vegnettet i Austevoll. Les saka her.I budsjettet som blei vedtatt i det same møtet blei det sett av 150.000 kroner til å utgreiingsarbeidet i 2017.14.06.2017Hordaland fylkesting vedtar regional transportplan 2018-2029 (RTP) som opnar for bompengepakke i Austevoll for tiltak på fylkesvegnettet.14.12.2017Austevoll kommunestyre løyver kr 500.000 til planleggingsarbeid for Austevollpakken i 2018.12.12.2018Hordaland fylkesting vedtar investeringsprogrammet for fylkesvegnettet som omtalar Austevollspakken.17.12.2019Statens vegvesen leverer oppdatert kostnadsoverslag for vegstrekningar i Austevoll kommune. 20.02.2020Austevoll kommunestyre behandlar førebels samferdselsutgreiing og vedtar at det ikkje er aktuelt å finansiere vegutbetringar med å auke prisen på ferja med bompengar. Kommunestyret vedtar også at kommunen skal overta oppgåva med å utarbeide reguleringsplan for fv 546 Storebøvegen for fylkeskommunen.29.09.2020Vestland fylkesutval vedtar å søke om 10 millionar kroner frå Samferdselsdepartementet for å utbetre fv 546 Bjellandsvegen. Ordninga det blir søkt om midlar frå føreset 15 millionar kroner i fylkeskommunale medfinansiering.11.11.2020Austevoll kommune vedtar oppstart av reguleringsplan for fv 546 Storebøvegen.08.12.2020Samferdselsdepartementet innvilgar søknaden om utbetring av fv 546.17.12.2020Austevoll kommunestyre løyver 1 million kroner til utarbeiding av reguleringsplanar for fv 546 og 5138 mellom Solesvik og Fagerbakkevågen, og fv 5142 Mjåsund bru i Torangsvåg med tilkomstvegar.12.01.2021Fylkesdirektøren orienterer hovudutval for samferdsel og mobilitet om Austevollpakken.