Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane

Rapporten gjev ei oversikt over viktige viltområde til bruk i arealforvaltinga og presenterer kunnskapsstatus for viltet i Austevoll kommune. Oversikta omfattar eit utval av amfibiar, krypdyr, fugl og landpattedyr.

 

I 2006 gjennomførte miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland i samarbeid med Austevoll kommune ein kartlegging av viltet i Austevoll. Føremålet var å få ei oversikt over viktige viltområde til bruk i arealforvaltinga og å presentere ein kunnskapsstatus for viltet i kommunen.

Rapporten inneheld generelt stoff om viltforvalting, litt om korleis kartlegginga i Austevoll har blitt gjennomført, ein omtale av dei prioriterte viltområda og ei oversikt over alle viltartar som er registrerte i kommunen.

14 område i Austevoll er plukka ut som prioriterte viltområde. Det er registrert 149 viltartar i kommunen: 1 amfibium, | krypdyrartar, 138 fugleartar og 9 pattedyrartar.