Kva er ein kommuneplan?Lytt til tekstenStopp avspillingKommuneplanen er det overordna styringsdokumentet for Austevoll kommune. Den peikar ut retninga for kommunen som samfunnsplanleggar, utviklar og tenesteprodusent. Kommuneplanen er todelt. Den består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Publisert19.06.2018 10.26 Sist endra19.06.2018 10.26 Samfunnsdelen Ein samfunnsdel fortel korleis kommunen skal løyse sine viktigaste oppgåver, moglegheitar og utfordringa i eit langsiktig perspektiv. Desse strategiske vala legger føringar for utvikling i kommunen i åra fremover. Målet er å opprettholde og vidareutvikle velferdssamfunnet i Austevoll. Her finn du gjeldande samfunnsdel. Arealdelen Arealdelen legger føringar for bruken av areala i heile kommunen. Kommunen sin arealplan består av tre deler: Plankart Planskildring Føresegn Arealplanen skal ta omsyn til mange interesser, behov og utvikling. Samstundes skal arealdelen rette seg etter regionale og nasjonale lover, forskrifter og retningsliner. Der det er naudsynt og relevant skal arealdelen følgje opp satsingar i samfunnsdelen. Her finn du gjeldande arealdel.