Austevoll kommune

Revidering av kommuneplanen

Revidering av kommuneplanen

Den 14. juni 2018 vedtok kommunestyret å revidere heile kommuneplanen. Det betyr at administrasjonen arbeider med utkast til ny samfunnsdel og arealdel. Det er satt ned ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe. Målet er å gjere kommuneplanen enkel i bruk.

Alle innbyggarane vil får informasjon om arbeidet gjennom plankafe og informasjonsmøte

Kom med innspel til kommuneplanen - frist 5. desember 2019

 

Planprogram

Planprogrammet  (PDF, 653 kB) legg føringar for at kommuneplanen vert revidert med samfunnsdel, arealdel med plankart, retningslinjer og føresegner. Den legg også føringar for medverknadsprosessen.
 
Planprogrammet blei vedtatt i kommunestyret 14.06.2018.

 

Framdriftsplan samfunnsdelen

Framdriftsplan Samfunnsdelen
Oppgåver Når
Arbeid med utkast Juni 2019
Vedtak av utkast September 2019
Høyring September-november 2019
Vurdering av innspel Januar 2020
Endeleg godkjenning Mai 2020

 

Framdriftsplan arealdelen

Framdriftsplan Arealdelen
Oppgåver Frå
Arbeid med utkast September 2019
Planforum med regional mynde Juni 2019
Vedtak av utkast Oktober 2019
Første høyring Oktober-desember 2019
Vurdering av innspel Januar 2020
Endeleg godkjenning Ukjent

Kontaktinfo

Stina Nordbak
Rådgjevar, overordna planlegging
E-post
Telefon 55 08 11 14