Austevoll kommune

Kva er ein reguleringsplan?

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan består av eit plankart, føresegn og planskildring. Planen angir bruk, vern og utforming av areal, og viser korleis eit areal kan nyttast og eventuelt byggast.

Det finnes to typar reguleringsplanar:

1. Områdereguleringsplan

Blir brukt av kommunen der det er krav om områdeplan i kommuneplanens arealdel, eller kommunen vurderer at det er behov for å gi meir detaljerte, områdevise avklaringar av arealbruken. Områderegulering blir utarbeida av kommunen. Kommunen kan likevel overlate til andre mynde og private å utarbeide forslag til områderegulering.

2. Detaljreguleringsplan

Er ein plan for mindre områder, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planformen for gjennomføring av utbyggingsprosjekter og tiltak, vernetiltak og sikring av ulike typar verdiar. Den erstattar tidlegare detaljert reguleringsplan og byggeplanar.

Detaljregulering blir brukt for å følge opp kommuneplanens arealdel og eventuelt etter krav fastsatt i ein vedtatt områderegulering. Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre mynde har rett til å fremma forslag til detaljregulering.


Prosess og krav til innhald i plandokumenta er lik for dei to plantypane. Du finner informasjon om dette under Rettleiing til utarbeiding av reguleringsplan

 

Medverking og politisk handsaming

Ein plan blir til gjennom ein lovregulert prosess etter føresegn i plan- og bygningslova. Du kan alltid kontakte både den som fremmer planforslaget og kommunens sakshandsamar for å få svar på dine spørsmål undervegs i arbeidet. Du kan sende inn dine formelle innspel ved to tidspunkt i prosessen:
• når varsel om oppstart av planen blir annonsert.
• når forslaget til planen blir sendt på høyring og lagt ut til offentlig ettersyn.
 
Vi gjer merksam på at e-post blir handsama som ordinær post, og blir journalført. Vi råder deg til å ha ein formell framstilling i e-posten.

 

Varsel om oppstart av planarbeid

Oppstart av planarbeidet blir kunngjort i avisa, på nettsida til kommunen og i brev til råka partar. Dei viktigaste opplysningane er planens avgrensing og formålet med planarbeidet. Frist for å komme med innspel står i varselet og skal være minimum 4 veker. Alle planar som det er varsla oppstart på ligg på kommunens heimesider.

 

Offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplanar blir handsama av kommunestyret og plan- og byggesaksutvalet. Ved vedtak om å sende forslaget ut på høyring og offentleg ettersyn får råka partar tilsendt skriftleg brev om dette. Brevet gjev ein kort oppsummering av planforslaget og informasjon om kor ein kan sjå relevante dokument og kven ein kan kontakte ved spørsmål. At planforslaget er på høyring blir kunngjort i Marsteinen og blir tilgjengeleg på Austevoll kommune sine heimesider. Høringsfristen er minimum seks veker.

 

Klage

Det er kommunestyret som til slutt endeleg vedtar reguleringsplanen. Alle råka parter får vedtaket tilsendt. Fristen for å klage på vedtaket er 3 veker etter at vedtaket er gjort offentleg. Vedtak av planen blir annonsert i Marsteinen og plandokumenta blir tilgjengeleg på kommunens heimeside.

 

Ein oppdatert liste av reguleringsplanar på høyring og til klagevurdering er alltid tilgjengeleg på Austevoll kommune sine heimesider.