Prisar - reguleringsplanerLytt til tekstenStopp avspillingPrisane for plansaker vert vedtatt av kommunestyret kvart år. Prisane kalles også eit gebyrregulativ.Handsaming av planforslag vert ilagt eit grunngebyr. Det er tilleggsgebyr for endring av planforslag, møter, synfaring og planprogram med konsekvensutgreiing. Publisert06.06.2018 12.07 Sist endra10.01.2019 12.05 Kva kostar det? Førehandskonferanse og undervegsmøter Skildring Pris Førehandskonferanse, ny eller ordinær endring 3 700 kr Førehandskonferanse, små eller mindre endringar 2 100 kr Undervegsmøte 2 100 kr Planforslag i tråd med kommuneplanen Gebyr vert fastsett etter planområdet si storleik. Gebyr gjeld både for nytt planforslag og ordinær endring av reguleringsplan som er i tråd med kommuneplanen. Skildring Pris Planforslag inntil 5 daa. 36 800 kr Planforslag 5-10 daa. 42 00 kr Planforslag 10-20 daa. 63 000 kr Planforslag over 20 daa. 73 500 kr Tilleggsgebyr per 1 daa. over 20 daa. 1 100 kr Øvre tak gebyr 150 000 kr Dersom kommunen krev at planområdet utvidast utover det som er naudsamt for å vurdera konsekvensen av planforslaget, skal denne utvidinga ikkje takast med inn i gebyrfastsetjinga. Kommunen vel kva område som eventuelt skal trekkjast ut. Ynskjer forslagsstillar eller ansvarleg søkar å gjere vesentlege endringar i eit komplett planforslag etter det er sendt inn til handsaming, vert det ilagt eit tilleggsgebyr på 25% av berekna totalgebyr. Planforslag i strid med kommuneplanen Gebyr vert fastsett etter planområdet si storleik. Gebyr gjeld både for nytt planforslag og ordinær endring av reguleringsplan som er i strid med kommuneplanen. Skildring Pris Planforslag inntil 5 daa. 58 800 kr Planforslag 5-10 daa. 68 300 kr Planforslag 10-20 daa. 78 800 kr Planforslag over 20 daa. 94 500 kr Tilleggsgebyr per 1 daa. over 20 daa. 2 100 kr Øvre tak for gebyr 200 000 kr Dersom endring er innsøkt som ei «mindre» endring, men må takast som ordinær, er det ordinære gebyr som gjeld. For informasjon om forskjell mellom ordinær og mindre endring, klikk her. Dersom kommunen krev at planområdet utvidast utover det som er naudsamt for å vurdera konsekvensen av planforslaget, skal denne utvidinga ikkje takast med inn i gebyrfastsetjinga. Kommunen vel kva område som eventuelt skal trekkjast ut. Ynskjer forslagsstillar eller ansvarleg søkar å gjere vesentlege endringar i eit komplett planforslag etter det er sendt inn til handsaming, vert det ilagt eit tilleggsgebyr på 25% av berekna totalgebyr. Mindre endring av reguleringsplan Skildring Pris Mindre endring inntil 5 daa. 18 900 kr Mindre endring over 5 daa. 27 300 kr Dersom endring er innsøkt som ei «mindre» endring, men må takast som ordinær, er det ordinære gebyr som gjeld. For informasjon om kva som er ei ordinær og ei mindre endring, klikk her. Konsekvensutgreiing Det vert ilagt eit tilleggsgebyr for reguleringsplan med krav til konsekvensutgreiing (KU). Gebyr er uavhengig av planområdet si storleik. Skildring Pris Reguleringsplan med krav til KU og planprogram 12 600 kr Reguleringsplan med krav til KU, men ikkje planprogram 8 000 kr Synfaring Synfaring som tingast av forslagstillar, og ikkje er knytt til vanleg sakshandsaming, vert ilagt gebyr på 1 100 kr. Dette inkluderar transport, utstyr og materiell. Tilbakebetaling av gebyrDersom kommunen overskrider frist for handsaming av plansaker, skal kommunen tilbakebetale forslagsstillar 10 % av gebyret i saka for kvar veke frista blir overskride. Totalt gebyr som blir tilbakebetalt kan ikkje overstige 100 %.Tilbakebetaling av gebyr gjeld saker som er til 1. gongs handsaming og ikkje saker til oppstart, 2. gongs handsaming eller godkjenning.Sakshandsamingsfrist blir avbroten dersom planforslaget må bli returnert til ansvarleg søkar for supplering. Sjå gebyrregulativet i si heilskap (PDF, 806 kB).