Austevoll kommune

Reguleringsplanar på høyring og til klagevurdering

Ny høyring for Gåsneset-planen ved Stangelandsvågen på Stolmen

Plan- og byggesaksutvalet har i møte 14. april 2020 vedtatt å sende forslag til detaljreguleringsplan for Gnr. 18 bnr. 0004 m.fl. Stangeland Gåsneset, ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Merknadfrist er 11. juni 2020.  

Planområdet er på omlag 192 daa, inkludert areal i sjø. Området er ikkje detaljregulert frå før, men delvis bebygd med to fritidsbustader og 7 naust. Klikk for stort bilete 

Føremålet med planforslaget er å etablere hotell, einebustader, fritidsbustader og naust. Planen for utbygginga er å skape aktivitet og arbeidsplassar på Stolmen. 

Status

Planen blei fyrst 1. gongs handsama i 2009. Planforslaget blei etterkvart vesentleg endra og sendt vidare til ny 1. gongs gandsaming i plan- og byggesaksutvalet den 19.06.2019. Utvalet den gong vedtok å ikkje sende planforslaget ut på høyring.

Er du råka av planforslaget?

Merknad eller uttale til planforslaget kan sendast til postmottak@austevoll.kommune.no. Ver venleg og merk innsendinga med ditt gards- og bruksnummer, arkivkode og e-post eller telefonnummer slik at vi kan ta kontakt dersom det er naudsynt.

Plandokument

Kontaktinfo

Plan og bygg
E-post
Telefon 55 08 11 00