Austevoll kommune

Reguleringsplanar på høyring og til klagevurdering

Nytt næringsområde ved Husavik

Plan- og byggesaksmøte har i møte den 28.04.2020 vedtatt å sende forslag til detaljreguleringsplan for gnr. 61 bnr. 0004 m.fl. Husavik, blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. 

Uttalefrist er 18. juni 2020

Planområdet er på om lag 13 daa, medrekna ein del sjøareal og areal i tilknyting til tilkomstveg. Planområdet er ikkje regulert ifrå før, med delvis bebygd med naust, kai og næringsbygg.Klikk for stort bilete  

Planforslaget opnar opp for å få eigedommane i området regulert til dagens bruk, og utvida eksisterande flytebrygge.

Det er planlagt eit lagerbygg på 300 m2 med ein høgde på 6m. Nybygg er tenkt plassert på same stad som eit tidligare revet bygg.

Eksisterande bensinpumpe, parkeringsplassar og integrert bensintank blir videreført.

Vidare legg planen opp til at eksisterande naust kan bli ombygd. 

Til slutt opnast det opp for at det kan leggast ut ei flytebrygge på felt SBH.

Status

Planen fekk godkjent oppstart den 22.05.2018. 

Er du råka av planforslaget?

Merknad eller uttale til planforslaget kan sendast til postmottak@austevoll.kommune.no. Ver venleg og merk innsendinga med ditt gards- og bruksnummer, arkivkode og e-post eller telefonnummer slik at vi kan ta kontakt dersom det er naudsynt. 

Plandokument

Kontaktinfo

Plan og bygg
E-post
Telefon 55 08 11 00