Austevoll kommune

Informasjon om koronasituasjonen i Austevoll kommune!

Ved å følgje denne lenkja finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om koronavirus i Austevoll.

 

Nasjonale og lokale tiltak for å bekjempe koronaviruset blir vidareført til og med 13. april.

Rettleiing til utarbeiding av reguleringsplan

Krav til utarbeiding av reguleringsplan

Ansvarleg søkar er ansvarleg for å sende inn naudsynt dokumentasjon etter krav til innhald og utforming av plandokument frå kommunen (til dømes plankart, føresegner og planskildring). Planen kan ikkje fremmas politisk før krava er oppfylt.

Når leverast kva planmateriale?

Her vises ein enkel oversikt over kva materiale som skal leverast på dei ulike stega i ein planprosess.

Få meir informasjon om dei ulike stega i planprosessen.

Førehandskonferanse til oppstart i plansaker

Seinast samtidig med førespurnad om oppstart skal følgjande bli sendt inn til kommunen:

Etter førehandskonferansen vil kommunen sende ut eit referat. (DOCX, 80 kB)

Søknad om oppstart

Etter førehandskonferansen kan ansvarleg søkar sende inn søknad om oppstart av eit privat planforslag til kommunen. Søknad må som eit minimum ha med informasjon som er gitt i planinitiativet, ta stilling til tema som vart diskutert på førehandskonferansen og innehalde eit kart som viser planavgrensinga.
 

Oppstartsmelding

Ansvarleg søkar skal varsle oppstart av planarbeidet, med mindre noko anna går fram av vedtak om oppstart.

Oppstart skal bli kunngjort i Marsteinen og på nett. I tillegg skal relevante offentlege instansar og råka grunneigarar varslas skriftleg.

Skriftleg varsel skal innehalde:

  1. Oversiktskart som viser planområdets plassering
  2. Kart med avmerka planavgrensing
  3. Planprogram (dersom planen skal ha konsekvensutgreiing)
  4. Intensjon for reguleringa (eit omtrentleg overslag over omfanget av planforslaget - kor mange bustadar, kaiar etc.)
  5. Forventa problemstillingar
  6. Vurdering av naturmangfaldlova §§8-12
  7. Behov for utgreiingar/undersøkingar
  8. Tiltenkt vegtilkomst
  9. Informasjon om kor planinitiativ, referat frå førehandskonferanse og oppstartsvedtak med saksframlegg er tilgjengeleg, dersom desse ikkje er vedlagt.

Kunngjering i Marsteinen skal innehalde:

  1. Kart med avmerka planavgrensing
  2. Aktuelle gards- og bruksnummer
  3. Planprogram (dersom planen skal konsekvensutgreiast)
  4. Merknadsfrist
  5. Intensjon for reguleringa
  6. Informasjon om kor planinitiativ, referat frå førehandskonferanse og vedtak om oppstart, med saksframlegg, er tilgjengeleg.
  7. Kontaktinformasjon

Varsel om oppstart skal bli sendt til kommunen for gjennomsyn før utsending. 

Innsending av planforslag til 1. gongs handsaming

Følgande planmateriale skal alltid bli sendt inn, med mindre noko anna er avtalt med kommunen:

  1. Plankart i pdf og SOSI-format
  2. Føresegner
  3. Planskildring
  4. ROS-analyse
  5. Rammeplan for vatn og avløp
  6. Innkomne merknader
  7. Utfylt sjekkliste for innsending av komplett planforslag (DOCX, 68 kB)
  8. Dokumentasjon på at vatn, avløp, straum, breidband og veg er sikra for planomfanget.

Kartgrunnlaget skal ikkje vere eldre enn 6 månadar.

Offentleg ettersyn/høyring

Planmateriale skal justerast i tråd med politisk vedtak ved 1. gongs handsaming.

2. gongs handsaming/endeleg godkjenning

Før 2. gongs handsaming må det etter avtale med planavdelinga leverast følgande:

  1. Eventuelle endringar av planmateriale etter høyringsperioden
  2. Skriftlege kommentarer til innkomne merknader

Før annonsering av vedtatt plan

Før kommunen annonserer vedtak av reguleringsplanen, må ansvarleg søkar sende inn:

  1. Plankart med vedtaksdato som er i tråd med gjeldande forskrift.
  2. Føresegner med vedtaksdato.
  3. Justert planmateriale dersom det har vore stilt krav til endringar ved politisk handsaming.

Plandokumenta: krav til form og innhald

Plankartet skal vere i tråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine rettleiarar. Rettleiarane er basert på SOSI- standarden, og det er eit krav at digitale plankart blir levert etter nemnde standardar.  Planen kan ikkje bli handsama politisk før krav er oppfylt.

Føresegna skal vere formulert på ein eintydig og etterprøvbar måte. Dei skal vere formulert som dei juridisk bindande føresegna dei er.

Planskildringa skal skildre planens føremål, hovudinnhald og verknader, samt planens forhold til rammer og retningsliner som gjeld for området. Nokre planar krev ei særskilt vurdering og skildring av planens verknader for miljø og samfunn, kalla konsekvensutgreiing. Eit eventuelt krav om konsekvensutgreiing vil gå fram av vedtak om oppstart.

Ei vurdering av risiko og sårbarhet (ROS) skal bli gjennomført for kvar plan. Medfører planen risiko for hendingar som er uakseptabel, må det i planforslaget bli gitt tiltak som reduserer risikoen.

Endringar

Det er høve til å endre vedtatte reguleringsplaner. Ved endring av ein reguleringsplan gjeld i utgangspunktet same krav som ved utarbeiding av ny plan. Kva dokument som må sendast inn varierer basert på kor omfattande endringa er. Ta kontakt med planavdelinga for nærare karlegging av kva dokument som må sendast inn.