Austevoll kommune

Rettleiing til utarbeiding av reguleringsplan

Planprosessen: frå ide til innsending av byggesøknad

Det du trenger å vite om  dei ulike trinna i ein planprosess og kommunal sakshandsamingstid.

Som dei fleste ting startar planarbeidet med ein idé. Ofte er det lurt å ta kontakt med kommunen for å klarlegge om det er mogleg med eit byggeprosjekt for det aktuelle området. Dersom det er mogleg, tar forslagsstillar vanlegvis kontakt med ein plankonsulent/ansvarleg søkar. Dette er fordi plan- og bygningslova set krav til at reguleringsplaner skal bli utarbeida av ein fagkyndig person (PDF, 224 kB).

Kva planprosess ein reguleringsplan følger er avhengig av om det er ein ny reguleringsplan, ei ordinær endring eller ei endring etter forenkla prosess (mindre endring).

Ny/ordinær endring av ein reguleringsplan

Ein ny eller ordinær endring av ein reguleringsplan har mellom 4 og 6 trinn. Desse er:

Planprosessen ny plan/ordinær endring

 

Når eit forslag til reguleringsplan har vore gjennom trinna ovanfor, og er godkjent, kan søknad om byggeløyve bli sendt inn til kommunen.

For krav knytt til dei ulike hovudtrinna, sjå krav til utarbeiding av reguleringsplan.

Oversikt over kommunal handsamingstid og andre frister:

Planprosessen ny/ordinær endring, frister
Type Frister
Oppstartshandsaming 12 veker
Varsel om oppstart 4 veker uttalefrist
1. gongs handsaming 12 veker
Høyring og offentleg ettersyn 6 veker uttalefrist
2. gongs handsaming 12 veker
Høyring og offentleg ettersyn 6 veker uttalefrist
Endeleg godkjenning 12 veker frå administrasjonen har ferdigstilt saka
Klagefrist 3 veker klagefrist

Reguleringsendring etter forenkla prosess (mindre endring):

Kommunen kan vedta endringar i ein reguleringsplan etter ein enklare prosess dersom endringane ikkje:

  • Går utover hovudrammene i planen
  • Er vesentlege
  • Er omstridt eller konfliktfylt
  • Råkar viktige natur- og friluftsområder. 

Ta gjerne kontakt med oss for å klarlegge om det er mogleg å gå i gong med ei mindre endring av ein reguleringsplan.

Ei mindre endring består av 3 trinn:

Planprosessen mindre endring

 

Når eit forslag til reguleringsplan har vore gjennom trinna ovanfor, og er godkjent, kan søknad om byggeløyve bli sendt inn til kommunen.

Oversikt over kommunal handsamingstid og andre frister:

Planprosessen forenkla prosess, frister
Type Frist
Oppstart og 1. gongs handsaming 12 vekers handsamingstid
Høyring og offentleg ettersyn 4 veker uttalefrist
Endeleg godkjenning 12 vekers handsamingstid
Klagefrist 3 veker klagefrist

På grunn av sommerferie er uttalefrist utvida med 4 veker i juni til august.

Få meir informasjon om endring etter forenkla prosess.

Kontaktinfo

Plan- og byggesak
E-post
Telefon 55 08 11 00