Austevoll kommune

Infeksjonskontrollprogram ved Austevoll pleie- og omsorgssenter

Austevoll pleie- og omsorgssenter har plikt til å ha eit infeksjonskontrollprogram. 
 
Ein infeksjonskontroll program skal omfatte alle tiltak som er naudsynte for å førebygge og motvirke infeksjonar, og for handtering og oppfølging av utbrot av slike infeksjonar. Programmet skal og omfatte tiltak for å verne personalet mot smitte, jf. forskrift om smittevern i helsetenesta § 2-1.