Austevoll kommune

Infeksjonskontrollprogram ved Austevoll pleie- og omsorgssenter

2 Antibiotikabruk

  • Hindre unaudsynt bruk av antibiotika
  • Hindre bruk av midlar med breiare antimikrobielt spekter enn naudsynt. Så lang det er mogleg skal ein bruke smalspektra midlar.

2.1 Prosedyre

  • Tilsynslegane ved Austevoll pleie- og omsorgssenter skal dokumenterast og ordinere antibiotika bruk på dagtid måndag til fredag. Dersom det oppstår akutt behov på kveld/helg må vakthavande lege ordinere behandling.
  • Val av antibiotikabehandling bør baserast på bakteriologisk prøve som skal takast før oppstart
  • Val av middel skal baserast på nasjonale anbefalingar. Tilsynslegane ved Austevoll pleie- og omsorgssenter har plikt til å holde seg oppdatert på gjeldande retningsliner i høve antibiotika bruk.
  • Når behandling med antibiotika er starta må sluttdato og behandlingslengde avtalast om på førehand, om mogleg.