Austevoll kommune

Infeksjonskontrollprogram ved Austevoll pleie- og omsorgssenter

4 Isolering

Streng isolasjon er sjeldan naudsynt, men vert brukt ved ukontrollert sekresjon frå stafylokokkinfeksjon i hud eller lunger. Infeksjon med MRSA (eller andre multiresistente bakteriar) der det er sekresjon.

Vidare kan forsterka kontaktsmitte nyttast ved mistanke om infeksjonar med svært alvorlege konsekvensar. Så snart sekresjonen er under kontroll kan ein gå over til vanleg kontakt-smitteregime. Viser til avsnittet om «Tiltak for å bryte smittevegar og hindre smitteoverføring».

Viser også til Smittevernplanen på Austevoll kommune sine nettsider.

Du kan og lese meir om smittevern på fylkeskommunen sine nettsider. Les meir: Smittevernarbeidet i Noreg (Smittevernrettleiaren) - FHI.