Austevoll kommune

Overordna smittevernplan

1 Kommunen sine oppgåver

Etter smittevernlova § 7-1 skal kommunen sørgje for at alle som bur eller som mellombels oppheld seg i kommunen, med omsyn til smittsam sjukdom, er sikra naudsynte tiltak som gjeld førebygging, undersøking, behandling og pleie utanfor institusjon, og pleie i sjukeheim eller annan kommunal helseinstitusjon. Kommunen skal og skaffe seg oversikt over omfanget av smittsame sjukdomar i kommunen, drive med opplysning om smittsame sjukdomar og sørgje for at individuelt førebyggjande tiltak vert sette i verk. Tiltak og tenester for å førebyggje smittsame sjukdomar eller å motverke at desse vert spreidde, skal utgjere eit eige området i planen for den kommunale helsetenesta. Helsetenesta skal samarbeide med andre som har oppgåver som har betydning for tiltaka. Kommunestyret har det overordna ansvaret for oppgåver som er lagt til kommunen sitt smittevernarbeid. Kommunestyret kan delegere sine oppgåver til andre organ.